Oppdatering – på plass på kulturhuset i Ørsta

No er vi endeleg på plass på Ørsta kulturhus, og det er her vi skal tilbringe resten av veka. Timeplanen har eit stramt tidsregime og er fullasta med øvingar av alle slag. Her skal det finpussast! Heldigvis er salen fylt med engasjerte elevar som alle er spente på korleis resultatet kjem til å bli. Musikalen.no …

Dei usynlege medhjelparane

(Foto: Marius Bøstrand) Stjernene i musikalen syng klokkeklare tonar, og det lyd som balsam i skjela. Skodespelarane bevegar rundt på scena og solar seg i spotlightane. Dei har arbeida hardt for å kunne gjennomføre forestillinga, men kva med dei vi ikkje ser på scena? Om musikalen ikkje hadde hatt mikfronorar så publikum kunne høyre, eller lys …

Det nærmar seg!

Hallo! 🙂   No lurte vi dykk godt! Dette innlegget handlar ikkje om den avslappa mediafyren vi har på framsidebiletet(unnskyld om vi skuffar nokon), men om den »ikkje-avslappande» øvingshelga vi har hatt! Dinne helga he vi hatt øvingshelg! Laurdag og søndag frå 11-17 va vi på skulen og øvde! Laurdag bestod øvinga av kor og …

«Catchy» Toto-musikal frå Volda vidaregåande

Kvart år arrangerer Musikklinja og Medium og kommunikasjonslinja ved Volda vidaregåande skule ein musikal. I år er det det verdskjente bandet Toto som har gjeve inspirasjon til framsyninga «Kingdom of Desire». Stig Børre Høydal (18) har spesielle tilknytingar til dette bandet, og er difor éin av dei som gler seg mest til musikalen 2013. I …

Musikal på timeplanen

– Eit skråblikk frå skrivebordet. Av: Rune André Gamlem på medielinja ved Volda vgs. Drama på klasserommet Klokka er midnatt (eller nærare sagt, den er 14:20, men vi seier midnatt fordi det er dramatisk og spanande) og eg er på dramaøving. Eg må følgje nøye med på kvar einaste bevegelse som skjer, utsnitt, kameraføring, manus …