– Eit skråblikk frå skrivebordet.

Av: Rune André Gamlem på medielinja ved Volda vgs.

Drama på klasserommet

Klokka er midnatt (eller nærare sagt, den er 14:20, men vi seier midnatt fordi det er dramatisk og spanande) og eg er på dramaøving. Eg må følgje nøye med på kvar einaste bevegelse som skjer, utsnitt, kameraføring, manus og ikkje minst manusendringar, og mange av dei. Eg må kunne alt. Eg må vere som ei nynorskordbok for ein stakkars oslogut som har forvilla seg i nynorskland som sit nervøs på norsktentamen. Eg må vite alt. Eg skal filme framsyninga, nei. Nei – eg skal filme historia. Eg skal lage ein film av episke proporsjonar av framsyninga. Eg skal kunne alt og filmen skal bli nominert til Oskar! Det er i alle fall målet mitt med dette.

Den berykta regissøren Bente-Elin Johnsen kommanderer dei unge talenta rundt i det opplyste rommet.

«Meir kjensle! Endå meir kjensle! Mindre kjensle!» er berre nokre få av alle frasene som blir ropt ut. Eg sit her berre og er sjukt nysgjerrig på korleis i alle dager vi skal klare å få ferdig alt dette innanfor den knappe tidsfristen vi har. Både MK og MU sit med enorme mengder arbeid som fører til lange arbeidsdagar som er sterkt prega av latter, glede og billeg mat. Sjølv har eg ete så mange nudlar at eg fryktar å plutseleg vakne opp ein dag med endra etnisitet.

Medan eg sit her og høyrer på Bente-Elin kommentere skodespelet til musikkelevane tenker eg litt på kva dette prosjektet eigentleg inneber. Det er eit ambisiøst prosjekt med nesten urealistiske krav til ein heilt vanleg gjeng med elevar. Korleis klarar dei å få kabalen til å gå opp kvart år? Kjem vi til å klare det i år òg?

IMG_8744redigert
Artikkelforfattar Rune-André Gamlem er elev ved Medium og kommunikasjonslinja ved Volda vidaregåande skule.

Avhengig av samarbeid

Det er vanskeleg for meg å beskrive kva for ei slags stemning som eigentleg er i lufta på desse øvingane. Det er berre noko heilt spesielt når vi sit saman, og arbeidar med vidt ulike ting, men samstundes må vere så avhengige av kvarandre. Alle er avhengige av kvarandre. Skodespelarane klarar seg ikkje sjølv, motparten må gjere ein god jobb òg, elles blir det berre rart. Og altså det, kva skjer om regissøren vår, Bente-Elin, prøvar å regissere og vi berre tullar rundt, eller kva om ho berre tullar? Eller kva skjer om vi, på MK, berre spring rundt og tullar? Kvar blir det av dokumentasjon av arbeid? Hadde vi då kome i mål med musikalen? Eg har mine tvil, og med «mine tvil» så meiner eg at eg tvilar veldig sterkt på at vi nokon gong hadde klart å kome i mål om folk berre tulla vekk tida på musikalen. Sjølvsagt har ikkje alle så mykje å gjere heile tida, men det er eit enormt og omfattande prosjekt der ein er avhengige av at alle partar skal bidra.

Artikkelforfattaren sitt viktigaste verkty dei komande dagane.
Artikkelforfattaren sitt viktigaste verkty dei komande dagane.

Sjarmøretappen gjenstår

Sjølv gler eg meg til å filme musikalen. Eg har trua på at det er ei veldig kjekk oppgåve, å filme eit produkt ein kan ta med seg vidare i livet, og sjå tilbake på. Eg har òg alltid vore litt fascinert av kamerabruk i filming, så det er jo ei slags oppleving som seier seg sjølv at eg har lyst til å vere med på.

Å ha ansvaret for filmen er ikkje berre denne oppgåva då, eg må òg redigere dette. Medan dei andre er ferdige med sitt arbeid, kjem eg til å sitje oppe og drikke kaffi til klokka blir såpass seint (eller tidleg) at fuglane skit på jorda. Redigeringsarbeid tek tid. Så køyar eg, får ein time søvn og står opp til skule. Men det er jo berre ein del av sjarmen.

Sjå bilete frå dramaøvingar her!