Om musikalen

Musikk, dans og drama & Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule presenterer KINGDOM OF DESIRE – ein fengslande og kjensleladd musikal basert på musikk av den verdskjente gruppa TOTO.

wallpaper2_2560x1600

Handlinga i årets musikal

I år tek handlinga til i Sør-Afrika. Året er 1989. I fleire år har gruvene til Hydra-konsernet forsynt firmaet med store diamantfunn. Georgy Six, ein av sjefane i konsernet, er rimeleg godt fornøgd med resultatet, men når konsernet får ein del problem med statlege avgifter forstår han at han må ut i verda og studere økonomi og administrasjon. Han reiser difor til «the big apple», New York. Her møter han Rosanna, som også studerer. Georgy forelskar seg raskt, men noko gneg i han. Eit gnag som set kjenslene hans mellom lidenskap og karriere på prøve.

Framsyningar

  • Onsdag 13. februar kl. 1930
  • Torsdag 14. februar kl. 1800 & 2100
  • Fredag 15. februar kl. 1800
  • Pris: 260 / 110
  • Ørsta kulturhus: KJØP BILLETT!
468 ad