Arbeidet held fram

Sjølv om Kingdom of Desire hadde si siste framsyning på Ørsta Kulturhus for to veker sidan så er musikalen enno ikkje over! Arbeidet held fram, og filmen av heile forestillinga og ein spanande dokumentarfilm er i redigeringsfasen. I tillegg legg vi til stadig nye bilete og artiklar, så hald følge med oss framover – det er mykje spanande i vente!

DSC_0120ferdi

Eit evig minne!

Den veka her he vore så sjuk. Å tenke på alt musikklinja he klart å skape, og ikkje minst gjennomføre. Ej kan med handa på hjertet sei at dinna veka e og forblir uforglømmelig. Ej he hatt det utrulig kjekt, vore igjen etter skuletid alle dagane ej he kunna, for å få med mej det meste av det som he skjedd! Vi he vore backstage og filma til gruppa vår (dokfilm), og vi he levd oss litt inn i musikklinja sitt arbeid, rett og slett fordi vi e litt misunnelige på dei som fe stå på scena. På premiera vart ej og Martine rett og slett førbannja, då litt av klassa vår va på scena.. Egentlig skulle vi også vere der, men ikkje alle hadde fått beskjed om det. Men det gjor ingenting egentlig , alle dei 4 neste gangane stod vi på scena i avslutninga. UTRULIG KJEKT! 😀

R_DSF2038511ec540ebc5b.jpg

R_DSF1990511ec53716a4d.jpg

MK-elvar sørgjer for god stemning
Dokfilm

Untitled

For dei som ikkje he fått det med sej enda da , så he ej og Martine hatt som oppgåve å dokumentere arbeidet til musikalen, frå start til slutt! Vi he også tatt på oss å blogge (fordi vi e litt for glade i oppmerksomheit). He vell kanskje brukt litt for mykje tid på det, i og med at fleire tima he gått til å redigere videoblogg når vi kunne ha gjort noke anna!

VEL BLÅST , MUSIKK- OG MEDIEELEVA! TAKK FOR AT VI FEKK VERE MED PÅ DEN BESTE MUSIKALEN SO HE VÅR! Ærlig talt! ♥♥♥♥♥

Tilbakeblikk!

Det er ganske utrulig å sitte her å tenke på kva eg faktisk har vore med på. Kva for ein pang»start» vi førsteklassingane har fått på musikklinja!
Musikalveka har vore spanande, utfordrande, artig, nervepirrande, morosam og littegrann smertefull. Dei lange dagane med øving var ganske utmattande, og det eg gjorde var å danse og stå i kor. Eg kan berre forestille meg korleis hovudrollene har hatt det! Dei har hatt veldig mykje å huske på, og eg er imponert over prestasjonane til alle og ein kvar!
Før premiera var det mange spente fjes og sjå, eg var veldig nervøs, lurte på om premiera ville gå bra, for generalprøva hadde gått sånn passe, i alle fall for koret sin del. Premiera var utruleg! Den gjekk mykje betre enn forventa!.. Med unntak av at eg datt halvveis av scena etter danse-duetten og slo beinet. Men det gjorde berre premiera litt ekstra spennande  for meg:) Etter premiera hadde vi ein veldig kjekk premierefest! der var det glede og kjærleik i lufta. Lærarane og elevane på media og musikk delte ut blomster og fine ord til kvarandre. Både rørande og morosamt var det!

Dei andre forestillingane gjekk også veldig bra! det vart morosamare og morosamare etterkvart, for då vart eg mindre nervøs og kosa meg meir på scena, og det virka som dei fleste andre hadde det på same måte!

 

Musikalen 2013 har vore ein opplevelse for livet! og det skal jammen mykje til for å overgå den! Men den tid den sorg. No skal eg slappe av, for musikalar tærar på. Er utrulig glad og sliten og åååh, det går meir og meir opp for meg kva eg har vore med på, hehe! 🙂

 

Takk til alle elevane på Musikklinja, 2MK, våre fantastiske lærara, og toto, da, som lagar so bra musikk!

Dette blei visst litt av ein klisjê, men det er heilt sant!

-Mari.

 

Godt samhald mellom elevane

Når ein skal jobbe saman om eit så stort prosjekt som dette, er det viktig å arbeide godt saman. Akkurat dette er elevane på musikklinja veldig flinke til. På premierefesten etter premiera på onsdag, var det mange talar og mykje snakk, deriblant Jon Andre Rebbestad (16): «Det første friminuttet vi hadde, tok det fem minutt – og eg kjende alle saman!»

_MG_8903 _MG_8924 _MG_8963 _MG_8991