Kvart år arrangerer Musikklinja og Medium og kommunikasjonslinja ved Volda vidaregåande skule ein musikal. I år er det det verdskjente bandet Toto som har gjeve inspirasjon til framsyninga «Kingdom of Desire». Stig Børre Høydal (18) har spesielle tilknytingar til dette bandet, og er difor éin av dei som gler seg mest til musikalen 2013.

I aulaen på Volda vidaregåande skule står ein spent og forhåpningsfull gitarist. Antrekket er godt gjennomtenkt og i handa held han ei smal og stilfull gitarkasse. Vi set oss rundt eit bord, med gitarkassa mellom oss som om det skulle vere den mest verdifulle skatten han eigde.

– Eg starta å spele gitar for omtrent seks år sidan. Etter det første året mista eg nesten all inspirasjon, og hadde på ein måte gitt litt opp, fortel Stig Børre.

Den påska då nesten all interesse var borte, drog mor og far med seg Stig Børre på ein hyttetur. I bagasjen låg sjølvsagt gitaren. I tillegg til gitaren hadde Stig Børre akkurat fått lurt med seg ein DVD frå hylla til den eldre bror sin. DVD-en viste seg å vere ein livekonsert spelt av Toto i 1990 i Paris.

– Musikken var nokså ukjend for meg, men etter å ha sett heile konserten kunne eg kjenne ei spesiell, men god kjensle i kroppen. Han gjorde meg merksam på ny musikk, noko eg sjølvsagt måtte utforske meir, smiler Stig Børre.

I ettertid har Stig Børre «drilla» på desse låtane i nesten fem år, og kjenner dei både inn og ut. Bakgrunnen til bandet Toto er også noko som sit godt planta inne i hovudet. At Stig Børre har lest og lært mykje om dette bandet, har gjort forholdet til musikken mykje sterkare. Stig Børre fortel at det særleg er ei låt som skil seg ut, nemleg Wings of time, og han gler seg til å spele denne låta for musikalpublikummet.

– Det Toto gjorde som fanga meg slik, var at det instrumentale var så utruleg godt gjennomført. Musikken er også veldig «catchy.» Noko som beviser dét er vel at det fenga meg då eg berre var 13 år, seier Stig Børre og ler litt.

Stig Børre går tredje året på musikklinja ved Volda vidaregåande skule, og det er difor siste gongen han får vere med å forme ein musikal. Då er det sjølvsagt storstas at årets musikal inneheld musikk frå Toto.

– Ein musikal er ein stor produksjon samansett av mange små, men viktige faktorar. Det kan samanliknast med å byggje ei bygning. Bygninga må ha ei klar ramme på korleis ho skal sjå ut, og innreiinga må vere gjennomtenkt. Det er nett som å byggje hus i motvind, fortel Stig Børre med eit tenkjande blikk.

 

Sidan dette er den 17. musikalen i rekka, har ein etterkvart lang erfaring med dette arbeidet, og alle veit på førehand at både manus og scenografi kan få endringar undervegs.

– Det er mykje pirkearbeid og ting må tilpassast etterkvart som arbeidet skrid fram, legg Stig Børre til.

Å lage ein musikal krev mykje arbeid, tolmod og ikkje minst samarbeid. På musikklinja er det både nye elevar og gamle elevar, og alle må lære seg å arbeide saman som eit team.
For å forme musikalen best mogleg på alle måtar, er Medium og kommunikasjonslinja ved Volda vidaregåande skule med for å hjelpe til med både filminnslag på scena, marknadsføring og dokumentering av musikalen. Stig Børre har sjølv opplevd dei gode produkta medium og kommunikasjonslinja leverer for musikalen, og han forstår at det må ligge mykje arbeid bak ein sånn produksjon. Han er svært stolt over samarbeidet musikklinja og medielinja ved skulen har under dette prosjektet.

-Etter ein lang og slitsam, men også veldig kjekk prosess blir det til slutt ein flott musikal, trur Stig Børre. Musikalen 2013 vert vist fram fem gongar på Ørsta Kulturhus, og kvart år har det vore fulle hus på alle framsyningane.

– Rett før ein skal på scena er heile kroppen fylt av spenning. Det er berre ei tynn dør som skil backstage frå amfiet, og vi skal eigentleg vere heilt stille. Alle må vere skjerpa og klare til å yte sitt beste. Det er også spesielt spennande når sjølvaste rektor og ikkje minst ordførarane sit i salen, avsluttar Stig Børre med eit uttrykk som viser kor mykje han gler seg til premieren 13. februar.

Foto- Bendikte Krøvel
F
oto: Bendikte Krøvel

stigern

Foto: Vilde Moltudal                                                      Foto: Mari Paulsen Dalsbø