_MG_8699

(Foto: Marius Bøstrand)

Stjernene i musikalen syng klokkeklare tonar, og det lyd som balsam i skjela. Skodespelarane bevegar rundt på scena og solar seg i spotlightane. Dei har arbeida hardt for å kunne gjennomføre forestillinga, men kva med dei vi ikkje ser på scena? Om musikalen ikkje hadde hatt mikfronorar så publikum kunne høyre, eller lys for å sjå, hadde det vore ganske håplaust.

Sverre Walderhaug og Knut Ola Svensen er dei vi kan takke for lyden og lyset. Begge er trufaste medhjelparar som i fleire år har vore fast ansatt. Dei sørgar for at det skal vere tilrettelagt for at musikkelevane skal få den merksemda dei fortenar.

– Det er mykje arbeid bak kulissene også, samtykkjer Svere og Knut.

I natt var begge to på kulturhuset i Ørsta for å rigge lydutstyr og starte planlegginga. Dei fortel vemodig at det var ferdig kl.6 i natt, og fekk sove til kl. 08.00 før det var rett opp att. Medan dei fleste som deltek på musikalen har fått forberedt seg sidan rett før jul, har lydmann og lysmann berre to døgn! Dei har difor ein god del intensivt arbeid framføre seg.

– No jobbar eg med å lage forskjellige oppsett for korleis lyden skal vere i dei forskjellige scenene. Eg kjem nok til å ende opp med mellom 80-100 forskjellege sett. Eg les manuset til punkt og prikke slik at eg får vite kva som skjer, og kvar det skjer på scena til ei kvar tid, avsluttar Sverre.