Hallo! 🙂

 

No lurte vi dykk godt! Dette innlegget handlar ikkje om den avslappa mediafyren vi har på framsidebiletet(unnskyld om vi skuffar nokon), men om den »ikkje-avslappande» øvingshelga vi har hatt!
Dinne helga he vi hatt øvingshelg! Laurdag og søndag frå 11-17 va vi på skulen og øvde!
Laurdag bestod øvinga av kor og dans, og søndag gjekk vi igjennom heile musikalen med roller, solistar, kor, band og dansarar. Endeleg klarte vi å sjå for oss musikalen, og korleis den faktisk blir. Vi var litt i tvil på om det i det heile tatt gjekk an å sette opp ein musikal på så kort tid , men det ser utrulig bra ut!
No i skrivande stund er det ei stor gruppe med lærarar/elevar som riggar/set opp lys og lyd-greie, instrument osv på Ørsta Kulturhus, for no e det berre 3(!) dagar til premiera. I morga, tirsdag og forsåvidt resten av veka har vi skuledagar der, og vi skal øve intenst! Vi gler oss!
Må deseverre skuffe dokke litt, ingen bilder av øvinga på dette innlegget, men fortvil ikkje! I morga kjem vi sterkt tilbake med bilder, og kanskje ein video?

Ver tilbake her i morga folks!

– Mari og Marit.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *