Fotografering

Oppgåva til fotogruppa er å dokumentere gjennom bilete kva musikk og medieelevane gjer i løpet av musikalprosjektet. Det inneber at dei må ta bilete av dramaøvingar, korøvingar, danseøvingar, solistøvingar, filming o.l. Dei skal også hjelpe PR med bilete til avis, webside og trykksaker. Når dei har tatt bileta lagar dei bileteseriar som vert lagt ut på nettsida til musikalen.

«Forventningane mine var at eg kom til å lære meir om å ta bilete og at det kom til å bli masse overtid på skulen» seier Bendikte Krøvel som er medlem på fotogruppa. «Dei forventningane har vorte innfridd. Eg har lært meg meir om korleis eg skal bruke Nikon-kamera og det har blitt litt overtid på alle trur eg, men sjølv om det blir overtid er arbeidet like gøy og lærerikt!»

Bendikte trur at musikalen i år trur blir ein av dei beste. «Flinke musikkelevar og medieelevar jobbar på spreng for at alt skal verte perfekt, og så langt ser det ganske bra ut!»

FOTO