«Film er ei gruppe som består av meg , Ada Elise, Lisa og Haris.» fortel Rune André Gamlem som er gruppeleiar på film. «Film består i hovudsak av «ettermusikalarbeid», der oppgåva vår er å filme musikalen, og deretter klippe og redigere den etterpå.»

Rune André sine forventningar til musikalprosjektet var å få filma ein del, og å lære ein del om korleis kamerautsnitt og perspektiv påverkar noko så lite som likevel har ei slik effekt på eit lite objekt. For eksempel korleis froskeperspektiv gjer noko stort og skummelt medan fugleperspektiv gjer noko lite og uskuldig. Men kamerautsnitt og perspektiv er berre to av veldig sterke ting vi kan bruke når vi filmar for å få fram dramatiske augeblikk.

«Om eg har fått nokon av forventingane mine innfridde? Vanskeleg å seie hittil, sidan film består, som tidlegare nemnt, veldig mykje av ettermusikalarbeid. Vi kjem til å sitje ein del i ettertid og redigere musikalen.»

Rune André ser lyst på musikalen, og kan forsikre oss om at den vert bra. «Sjølvsagt vert musikalen 2013 bra! Det er kanskje ei stor og utfordrande oppgåve, og eg trur dei fleste av oss byrjar å føle på nervane, men dette har hittil vore eit lærerikt prosjekt med veldig mykje sosiale hendingar.»

Film