_DSC5157
Yngvil har ansvaret for kostyme og rekvisittar.

 

– Eg tør ikkje telje timane eg har brukt, seier Yngvil Birkeland. I år er ho åleine om ansvaret for kostyma til musikalen «Be Our Guest», og det er ikkje berre-berre.

 

_DSC4826
Kostymejobben innebærer mykje sying.

Yngvil har rigga til ei eiga “systove” i kjellaren på nedre bygg ved Volda VGS. Sidan ho har utdanning i både musikk og kunst og handverk, passar dette prosjektet perfekt for henne.

– Det er det einaste prosjektet der eg får bruke handverkkunnskapa mine, fortel ho.

– Eg tør ikkje å telle kor lang tid eg brukar på kostymene. Det tek mykje meir tid enn kva som var planen. Tanken var å ta ned størrelsen av prosjektet litt, men i år går det jo ikkje sidan det er jubileum, seier ho.

I år får musikklinja ved Volda VGS låne kostyme med opera Nordfjord og Stiklestadspelet til jubileumsmusikalen “Be Our Guest”. Yngvil meiner det er kjempeflott.

– Men det er også mykje meir jobb når vi lånar kostyme. Vi må velge kva slags kostyme vi treng og må hente det sjølve. Og det må tilpassast, så det er veldig mykje sying. Også må eg ikkje gløyme etterarbeidet. Det eg har sydd må eg også rakne opp igjen når vi er ferdig. Til slutt skal alt vaskast igjen før det  skal leverast tilbake.

Yngvil avgjer også kva koret og dansarane skal ha på seg.
– Eg gjev beskjed om kva dei skal ha på seg også skaffar dei det sjølv. Folk kjem også å spør meg korleis dei skal sjå ut på håret, seier ho.

Yngvil har hatt ansvar for kostyme sidan den første Moulin Rouge i 2004. Men det som er spesielt for henne i år er at ho har ansvaret heilt aleine. Det er ho som skal skaffe for eksempel møblar og alle mulige slags rekvisittar.

– Eg er veldig glad i denne oppgåva, sjølv om det går med mykje tid og arbeid. Men det er ei stor utfordring der eg får bestemme mykje, seier ho medan ho ler.

Yngvil fortel at det er noko ekstra spesielt med kostymebiten i forhold til andre.

– Etter førestillingane må eg som regel ordne knappar som har falt ut og fikse til neste forestilling, fortel ho.
 Det er veldig stas for henne å sitte på første rad å sjå korleis resultatet blir.

_DSC4840
Yngvil leiter fram kostymer på lageret.

Er du i rute?
– Ja eg er nesten ferdig. Eg jobbar så langt eg kjem og blir nok ferdig på ein eller anna måte.


Tekst:
Amalie Haugland Bjørkedal og Camilla Venes Foto: Eline Korsnes Sundal