Elevane i full gong med øvinga til musikalen.
Elevane i full gong med øvinga til musikalen.

– Vi tar det fra starten av!, ropar Bente-Elin Johnsen.

Det er torsdag formiddag. I eit av klasseromma på nedre bygg ved Volda vidargåande er elevane godt i gong med dramaøvingar til årets musikal. Musikalen er eit samarbeid mellom musikklinja og medielinja på Volda vidaregåande skule, og 7. februar går teppet opp på Ørsta Kulturhus.

Førebuingane til musikalen 2015 er allereie godt i gong. Ivar Hustadnes Muren er ein av mange som gler seg til årets musikal. I år skal han gjere noko han aldri har gjort før, nemleg å spele ei av hovudrollene i musikalen.

Ivar Muren er ein av dei to hovudrollene i musikalen "Be Our Guest".
Ivar Muren er ein av dei to hovudrollene i musikalen «Be Our Guest».

– Eg synest det er veldig kjekt å ha hovudrolle. I ei slik rolle møter eg på utfordringar som både er krevande og morosame. I år er det jubileum, og heile showet er bygd opp på ein annan måte enn dei tidlegare åra. Det i seg sjølv er veldig spennande å få vere med på, seier Ivar.

Ivar fortel at det går ein god del tid til øving, både på ettermiddagen og i helgene.

– Øvingane er som regel veldig effektive, vi skriv replikkar saman og øver på det vi skal gjere på scena. Så heldige som vi er, har vi dyktige lærarar som rettleiar og lærer oss opp på ein god måte!


Godt miljø

– Miljøet på musikklinja er veldig bra, mykje på grunn av musikalprosjektet. Alle klassetrinna står saman om eit felles, stort prosjekt. Det gode miljøet gjer at vi gler oss enda meir, og jobbar for å få eit godt produkt, seier Ivar.

Ivar har høge forventningar til jubileums-showet, og trur publikum vil få ei god oppleving.

– Vi får vist fram musikklinja i Ørsta, men også i Fosnavåg og Ulsteinvik. Eg håper sjølvsagt at dette blir teke godt i mot av publikum, og eg skal gjere mitt for at dette skal bli best mogleg, avslutter han.

 

Tekst: Maren Solem  Bilde: Eline Korsnes Sundal og Stephanie Dimmen