Dokumentering

Dokfilm består av fire kjekke, supre og arbeidsglade elevar. Deira si oppgåve er å få dokumentert alt som skjer gjennom heile musikalperioda og til slutt redigere saman ein dokumentarfilm om prosjektet. Martine Barstad er gruppeleiar for Dokfilm, og har store forventningar til musikalen. «Eg har høyrt veldig mykje positivt om musikalen, frå både musikkelevar og …

Videoreportasje #2

Torsdag 17. januar var det photo shoot i medielinja sitt fotostudio. Utfordringa til fotografen er å ikkje berre fotografere skodespelarane, men freiste å få fram sjølve rollekarakterane i bileta. Fleire av hovudrolleinnhavarane var til fotografering, og mange av bileta vert å finne i programheftet for musikalen. Laga av: Bjarte Bjørkedal på medielinja ved Volda vgs.

Videoreportasje #1

Tysdag 22. januar var det filminnspeling i ein tunnell i Hjartåbygda. FX-gruppa på medielinja har ansvaret for filmsekvensar som skal inngå i handlinga til årets musikal, og som skal visast på stor LED-skjerm under framsyningane. Her fortel gruppmedlemmane Bjørnar Torvholm Sævik og Elias Storøy om innspelinga, og utan å avsløre handlinga: de kan forvente dramatikk …