Utfordrande

Arbeidet med årets musikal «Kingdom of Desire» er i full gang. Over 100 elevar og 15 lærarkrefter frå musikklinja og medialinja ved Volda Vidargåande er i sving for å gi lokalbefolkninga ei flott musikaloppleving.

– For å forklare enkelt kva prosjektet går ut på, så er det rett og slett ein musikal som blir framført av oss elevar ved musikklinja. Den inneheld blant anna dans, drama og mykje musikk, forklarar elev ved musikklinja, Jon-Olav Sandal (17).

I tillegg har òg Medium og kommunikasjonslinja viktige oppdrag, både på scena og med arbeidet rundt marknadsføring og dokumentasjon av musikalen.

Mykje arbeid
Jon-Olav Sandal (17) frå Barstadvika, Maria Tvergrov Kalvatn (18) frå Ørsta og Elias Odden Slettevoll (16) frå Volda har alle eigne roller i musikalen, medan Mia Eidset (17) skal danse.
– Det er veldig mykje arbeid. I tillegg til mange øvingar på songar, replikkar og dramatisering, har vi òg kor-timar der alle elevane på musikklinja går igjennom felles-songane, fortel elevane.

Mia legg til at det er mykje pirkarbeid under øvingane som tek tid.
– Men det er slik som må til for at musikalen skal bli så bra som mogeleg.

Rollene
Maria forklarar at alle som ville ha ei rolle måtte prøvespele for lærarane.
– Vi måtte først igjennom ein audition. Deretter snakka lærarane seg imellom, og avgjorde kven som eigna seg best for dei ulike rollene, fortel ho.

Utfallet av auditionen fekk dei første vite då rollelistane vart offentleggjort.

Musikkelevane skildrar arbeidet med musikalen som spanande, men trur òg dei vil kjenne meir på nervane i år.
– Vi får på ein måte eit heilt anna fokus og ansvar når vi har slike rollar som vi har fått tildelt, meiner Jon-Olav og Maria.

Jon-Olav, Maria og Mia har våre med på musikalen tidligare, så dei veit litt kva dei går til. For Elias som går i førsteklasse, er dette første gongen han er med på ei slik framsyning.
– Eg vart åtvara om at det er veldig mykje arbeid og veldig krevjande å ha ei eiga rolle. Men sjølv om det er skummelt, tykkjer eg at det er både kjekt og spanande, fortel han.

Medialinja med viktige bidrag
Sjølv om musikklinja er hovudaktøren under framsyninga, har òg medielinja ved skulen ein viktig funksjon ved musikalprosjektet. Dei bidreg mellom anna med filminnslag som skal vere med på framsyninga, og har ansvaret for marknadsføringa og dokumentajonen av arbeidet. Kvart år produserer dei ein DVD med film av sjølve framsyninga, og ekstramateriale som dokumentarfilm og foto frå heile arbeidsprosessen.

Musikk av Toto
«Kingdom of Desire» er skrive av musikklærar Gunnar Sigve Aurdal, og er basert på musikk frå det kjende 80-talls bandet Toto.
– Eg tykkjer musikken er svært bra, med så er jo eg musikkelev, ler Jon-Olav.

Elevane påpeikar at ein ikkje treng å vere Toto-fan for å like musikalen. Musikken vert fletta saman til ei historie, og live-framføringa av musikalen gjer det til ei fengjande oppleving.
– Årets musikal kjem til å bli kjempebra, avsluttar Jon-Olav.

Elevane ved musikklinja. f.v Elias O. Slettevol, Jon-Olav Sandal, Maria T. Kalvatn og Mia Eidset.
Elevane ved musikklinja. f.v Elias O. Slettevol, Jon-Olav Sandal, Maria T. Kalvatn og Mia Eidset.