
Det seier Kaja Rode, ein av andreklassingane som var med på musikalen «Goodbye Yellow Brick Road».
Tekst: Helene Dammerud

Kaja Rode er ein av mange andreklassingar frå musikklinja, som for andre gong får vere med på den spektakulære musikalen som blir satt opp årlig av musikk- og medielinja ved Volda Videregående skule.
– Eg var på audition for rolla som Suzie, mora til John, men den fekk eg ikkje. Det hadde vore kjekt å ha ei hovudrolle, men det er veldig mange flinke i vår klasse. Men i år har eg forelska meg i koret, seier ho.
I fjorårets musikal, «Be Our Guest», sang ho ”The Phantom Of The Opera”. I år er Kaja med i koret og dansar til sangen ”Can you feel the love tonight” saman med Benjamin Lindalen.
– Det er noko magisk med koret i år. Når alt klaffar, og ein høyrer koret synge saman, blir det så sterkt. Vi fungerer rett og slett som ein einskap, fortel ho.

– Eg har også lært ein del av å vere med i koret. Du må heile tida passe på korleis du står. Du får veldig vondt i ryggen, fordi du står rett opp og ned veldig lenge. Da er det viktig å passe på at du har ein god haldning; skuldrane bak, hendene på sida, og slikt. Også må du halde maska.
Musikkeleven skryt av måten alt heng saman på i musikalen, og også måten lærarane har koordinert elevane gjennom prosjektet.
– Eg synest musikalen i år er dritbra! Vi er blitt skikkelig flinke, og eg er veldig stolte av alle saman, seier Kaja, som neste år får vere med på sin tredje musikal.