
– Eg saknar det sosiale, fortel Elias Slettvoll. Dette er Elias sin fjerde musikal på rad, men i år er han ikkje på scena som skodespelar og songar, men som sceneassistent.
Tekst: Jonas Otneim Myklebust

Han var med i ”Kingdom of Desire” i 2013. Der spelte han Nr 99 Jeff. I 2014 var det ”Moulin Rouge” som stod plakaten. Der spelte han «argentinaren» og i ”Be Our Guest” i fjor var han Backpacker og programleiar, der han hadde ganske stor rolle i musikalglimta som vart viste.
I år blei han med på musikalen frivillig som sceneassistent, der han passar på rekvisittar og passar på at alt går som det skal backstage.
Noko av det han likar best med å vere sceneassistent er at han får sjå musikalen frå eit anna perspektiv.
– Det er kjekt, men veldig mykje å gjere og stresse rundt, ler han. Det er ikkje alltid like lett og ikkje alltid alt går som det skal.
Men det beste med musikalen i år er musikken, det er kjekt å sitje i pausane og sjå på elevane framføre og synge fin musikk.
-Det kriblar i magen av å ikkje kunne stå på scena, sukkar han.