Gunnar Sigve Aurdal fekk blomar av elevane etter framsyningane. Foto: Malin Nordby Kvamme
Gunnar Sigve Aurdal fekk blomar av elevane etter framsyningane. Foto: Malin Nordby Kvamme

Manusforfattar Gunnar Sigve Aurdal var kapellmeister under årets musikal. Etter å ha sete bak scenen under alle framsyningane, gleder han seg svært til å sjå alt på DVD!

Tekst: Martine Leine Rafteseth

Fingertuppane trippar lett på låret. Han beveger hovudet og kroppen i takt med musikken, medan han smilar for seg sjølv. Med store høyretelefonar, gitar over skuldra og tangentar framføre, gøymd i hjørnet av scenen, sit opphavsmannen bak musikalen 2016, Gunnar Sigve Aurdal.

Ettersom orkesteret er skjult i enden, sit Gunnar med ryggen til scenen, publikum og handlinga. Han har vore med på å skape eit eventyr av ein musikal for alle dei seks fullsette salane, men har altså ikkje sett musikalen sjølv enno.

-Eg veit kva som skjer på scena, men ikkje korleis det ser ut. Så eg gleder meg til å sjå musikalen og det som skjer der framme!

Gunnar får nokre små pauser til å vende hovudet og kike på han handlinga frå sida. På bakskjermen er dei digitale kulissane tydelege.

-Eg ser små detaljar og slikt som media har ordna, men det andre anar eg ikkje; så det blir kjempespanande, seier han entusiastisk.

Orkesteret gjer ein veldig viktig jobb under musikalen. Foto: Malin Nordby Kvamme
Orkesteret gjer ein veldig viktig jobb under musikalen. Foto: Malin Nordby Kvamme

Musikalen har for hans sin del gått over all forventning.

-Eg er jo ikkje vandt til å skrive manus, så eg er jo alltids spent på korleis ting vil gå. Men eg synste det har gått veldig bra. Dei forskjellige elementa i pakken kler kvarandre.

Som ansvarleg for både seg sjølv og dei andre i orkesteret er han nøydd til å halde fokus på plass medan ivrige sjeler syng og dansar i sidesynet. Det å sjå at elevane kosar seg gir mykje glede, og bidreg til god stemning.

-No har ting byrja å sitte så godt at vi kosar oss med det og berre gleder oss. Småfeil dukkar sjølvsagt opp her og der, men vi er menneske, legg han til.

Gunnar har all grunn til å vere stolt og glad over resultatet til det tilfeldige tankespranget som oppstod på Gardermoen for vel tre år sidan. Likevell er det heile ganske surrealistisk enno. Han synest det er svært, morosamt og sjølvsagt utrulig gøy å sjå kva som har kome ut av desse idéane.

Om han kjem til å skrive fleire musikalar i framtida er usikkert, men absolutt ikkje noko han avviser.

– Då må eg finne rett inspirasjon. Eg trur ikkje nokon kan seie at eg skal skrive eit manus på ”det og det”. Det hadde vore vanskeleg.

Denne blide karen blir å sjå på mange musikalar framover. Dette er noko han berre ser fram til, og meiner er eit av dei største høgdepunkta i året.