Henrik Heltne Alfsvåg spelar rolla som “Don Key” under årets musikal. Foto: Malin Nordby Kvamme
Henrik Heltne Alfsvåg spelar rolla som “Don Key” under årets musikal. Foto: Malin Nordby Kvamme

– Når vi ser resultatet er det verdt alt arbeidet, seier Henrik Heltne Alfsvåg. No er det berre få dagar att til sceneteppet opnar seg på Ørsta Kulturhus, og vi får sjå premieren til musikalen “Goodbye Yellow Brick Road”. Både elevar og lærarar står på frå morgon til kveld, for å lage “tidenes musikal”, noko dei trur vil lønne seg.

Tekst: Malin Nordby Kvamme og Anna Hjelle

  • Denne artikkelen vart også publisert i papirutgåva til Møre laurdag 13. februar.

Etter mange harde og intense øvingar byrjar ting å felle på plass. Henrik Heltne Alfsvåg frå Volda, har rolla som “Don Key” i årets musikal. Han fortel at han slett ikkje ser på dei mange timane med øving etter skule som overtidsarbeid.

– Det er rett og slett gøy! Dette er ikkje noko ein ville ha funne på sjølv, og så er det jo ein hobby. Vi likar å drive med musikk, og nokre likar vel dans og drama også, flirar han.

Med musikaljobbing både seint og tidleg, kan det lett oppstå nokre utfordringar med å få tid til alt på ein gong, men han er ved godt mot.

– Det verste er vel å gjere skulearbeid parallelt med alt det andre, for det er ikkje tvil om kva som er det kjekkaste å gjere. Når vi blant anna mistar ei heil skuleveke vert det hardt å ta det igjen, men eg trur ikkje det skal vere eit problem, seier Henrik.

Også kordirigent Siv Kristin Aurdal seier at dette er ei spennande periode med mykje intens jobbing.

– Det går litt i bølgjer, dette her. Det er alltid spennande å sjå om vi får korarrangementa på plass til rett tid. For dei må vi lage heilt sjølv, frå øving til øving. Så for korsongarane er der nokre fasar med kjempestress, der vi berre så vidt rekk å øve gjennom kvar song ein gong. Desse ungdommane jobbar så hardt! Dei skal vere konsentrerte og synlege heile tida, så dei får aldri kvile heilt under førestillinga. Øvingane er veldig intense, fordi vi må gå så fort fram når vi har så mykje vi skal lære. Eg trur dei fleste innser at om dette skal bli bra, så må dei ta det med seg heim, for kvar og ein er kjempeviktig. Det er ein spennande periode å sjå om vi kjem i mål med øvingane, seier ho.

Med ein så stor produksjon er det vanskeleg å få alt til å gå på skinner heile tida. Det er mykje som skal gjerast, og alle er avhengige av kvarandre heile tida. Premieren er rett rundt hjørnet, og det er viktig at alle er fokuserte på det dei skal gjere. På spørsmålet om alt går etter planen, må Henrik flire.

– Det spørs kven sin plan ein fylgjer. Det er fortsatt mykje som står att, men samtidig er det ein god del som fell meir og meir på plass. Det er alltid småting som vert endra undervegs. Det får vi vite fortløpande, og prøvar å fikse det på best mogleg måte. Så det ser ikkje heilt umogleg ut, men der er fortsatt nok av arbeid igjen, slår han fast.

Med tanke på at alle dei tidlegare musikalane har vore vellykka, er forventingane høgare enn nokon gong. Det er eit stort press for alle elevane å prestere når det gjeld som mest. Men å tenkje på det som kan gå gale, er noko Henrik vel å ikkje gjere.

– Det tek tid å få ting på plass, både å hugse replikkar og koreografi. Kven skal kvar, og når skal dei det? Det kan vere litt vanskeleg, men eg orkar ikkje å bekymre meg for det som kan gå gale. Det må nok gå minst like bra i år som i fjor, seier han.

Siv Kristin Aurdal, dirigent for koret, smiler gjerne til kamera. Foto: Martine Leine Rafteseth
Siv Kristin Aurdal, dirigent for koret, smiler gjerne til kamera. Foto: Martine Leine Rafteseth

Siv, som har hovudansvaret for koret og solistane, seier at ho trur dei er akkurat der dei skal vere med tanke på kor mykje tid det er igjen til teppet opnar seg for første gong.

– Neh, svarar Siv medan ho ler, når vi spør henne om ho er redd for at noko skal gå gale under framsyningane.

– No er det bånn gass på alle! Vi byrjar verkeleg å kjenne at premieren nærmar seg. Vi kjenner eit press, men vi jobbar vel best under press alle saman, så vi skal nok kome i mål i år også. Det skal vere litt spennande, slik at vi ikkje byrjar å kvile oss. For å få den beste premieren må der vere litt nervar, då er ein ekstra skjerpa, fortel ho entusiastisk.

Sjølv om Siv er sikker på at denne musikalen vil bli ein like stor suksess som tidlegare år, er det vanskeleg å svare på om dette vil bli den beste.

– For oss lever kvar musikal sitt heilt eige liv. Du kan ikkje seie at den eine ungen er finare enn den andre, ikkje sant? Det går ikkje an, det. Eg har store forventingar til musikalen. Vi har ein produksjon som publikum kjem til å like, vil eg tru. Musikken er likande, storyen er ganske lettfatteleg å følge med på, og det er fine kulisser. Eg har veldig høge forventingar til at det blir ei bra førestilling, men veldig annleis frå i fjor.

– Å tenkje på at det er nesten heilt utselt er deilig, det er ein kjempefin følelse. Det seier noko om alt arbeidet som ligg bak, over mange år. Vi klarer å gjere endringar kvart år som gjer at det ikkje blir keisamt, og folk får lyst til å sjå. Eg trur publikum skal få valuta for både pengane og tida si, fortel Siv.  

Vi spør kva Henrik vil seie til dei som fortsatt er i tvil om dei skal kjøpe billett, og rekk ikkje å snakke ferdig før han svarar:

– Det er berre å kjøpe med ein gong, det er ikkje noko å lure på! Vi skal lage show, det blir så bra!
Allereie onsdag 17. februar er premieren på den storslåtte musikalen Goodbye Yellow Brick Road, i regi av musikk- og medielinja ved Volda vidaregåande skule. Musikalen er den tjuande i rekkja og blir eit kjempeshow.