Andrea Fivelstad seier musikalen var ei fantastisk forestilling.
Andrea Fivelstad seier musikalen var ei fantastisk forestilling. Foto: Stine Løseth.

Det seier Andrea Fivelstad. Ho er rett nok litt inhabil fordi sonen er saman med ei av hovudrollene.

Tekst: Michael Ingebriktsen Persson

Daniel Thorup er elev ved Volda vgs og synast at årets musikal var veldig bra.
Daniel Thorup er elev ved Volda vgs og synast at årets musikal var veldig bra. Foto: Stine Løseth.

Andrea har fulgt med kjærasten til sonen i tre år med musikalar. I år spelar Live Nilsvik sin siste Volda-musikal i rolla som Nikita.

– Eg er imponert over kor godt musikklinja presterar, seier Andrea.

Daniel Thorup er elev ved Volda vgs og synast óg at årets musikal var veldig bra. Han såg Volda vgs si oppsetting av “Moulin Rouge” for to år sidan og synast nivået har auka mykje dei siste åra.

Daniel har ei syster og ein kjærast som er med på musikalen i år, og kom hovudsakleg for å sjå desse, men han kunne godt tenke seg å sjå fleire sjølv om dei ikkje var med.

Torje Håskjold Nango, er elev ved Volda ungdomskule, og tenkjer sjølv å søke musikk, dans og dama.
Torje Håskjold Nango, er elev ved Volda ungdomskule, og tenkjer sjølv å søke musikk, dans og dama. Foto: Stine Løseth.

Eg er sjølv interresert i musikk og tenkjer på å søkje musikk, dans og drama når eg skal gå vgs, seier Torje Håskjold Nango, som er elev ved Volda ungdomsskule. Han synast at musikalen verkar som eit artig og interresant prosjekt der alle er samla og har det kjekt.

Premieren er no over, men der står enda igjen fire framsyningar igjen med fullsatt sal og vi håpar at forestillingane berre vert bedre.

For å sjå bilete frå premieren, klikk her: