Ein os av popcorn fyller romet. Her er knapt nok eit menneske å sjå i gangen. Ikkje langt borte kan ein høyre livlig song og dans, komprimert bak lukka dører.
Tekst: Martine Leine Rafteseth
No står det berre att to framføringar av årets musikal. Salen på Ørsta kulturhus har alle tidlegare gongar vore full av oppglødde, glade menneske som nyt framsyninga – med god grunn.
Alle framføringane er utsolgt, så om du er ein av dei heldige som har sikra billett – gled deg! Nedanfor ser du meir bilete frå framsyningane. Fleire kjem, så hald deg oppdatert!
F.v. Runar Finnøy, Even Sævik, Arnstein Madsen Stokke, Sander Bjørkedal, Erlend Fiskaa Ødegård, Olav Grimastad Arnesen. Foto: Martine Leine Rafteseth
Kaja Rode og Benjamin Lindalen dansar til Can You Feel The Love Tonight. Foto: Helene Dammerud
Lina-Viktoria i rolla som nonna «Lydia Sergievskova». Foto: Malin Nordby Kvamme