Øvingane er i full gong på Ørsta kulturhus. Foto: Malin Nordby Kvamme
Øvingane er i full gong på Ørsta kulturhus. Foto: Malin Nordby Kvamme

Det trur iallfall produsent Jan Terje Eidset. Han er også avdelingsleiar for dei involverte i Musikalen 2016.

Tekst: Therese Aarskog

Marknadsføringa som skulen får rundt musikalvekene har stor betyding for skulen når det gjeld å få elevar til å søkje seg til Volda for vidaregåande utdanning.

Jan Terje Eidset er produsent for årets musikal. Foto: Stine Løseth
Jan Terje Eidset er produsent for årets musikal. Foto: Stine Løseth

– Musikalen er nok eit av dei største og mest kjente prosjekta som skulen står bak. På denne måten betyr det ganske mykje for skulen å drive med så store prosjekt som den årlige musikalen er, seier Eidset.

Ellers betyr musikalen mykje for både musikk- og medielinja som jobbar med musikalen i fleire veker. Medan musikkelevane øvar, terpar, syng og dansar, står medieelevane for marknadsføring, dokumentasjon, digitale kulissar og anna. Altså er der mykje å hente både av lærdom og gode opplevingar for alle og ein kvar!

Ein av musikklinja sine førsteklassingar, Sofie Thorup er under årets musikal med i dei fleste korsangane og skal danse på ein av sangane. Ho håper på å få ei rolle i komande musikalar dei neste åra hennar på Volda vidaregåande. Som regel er det andre- og tredjeklassingane på musikklinja som har fått rollene i musikalane som har blitt framført. Sofie fortel at det er kjekt å sjå korleis musikalen endrar seg frå start til slutt.

Fyrsteklassingen Sofie Thorup er med i koret og ein song. Foto: Malin Nordby Kvamme
Fyrsteklassingen Sofie Thorup er med i koret og ein song. Foto: Malin Nordby Kvamme

-Eg skal vere med å danse på sangen til «Goodbye Yellow Brick Road og eg skal vere med i koret på dei aller fleste av sangane i musikalen.

I år er det den 20. musikalen til Volda vidaregåande, og Jan Terje trur noko av det som har endra seg mest i løpet av åra er at det blir brukt meir tid til musikalarbeid på ettermiddags og kveldstid hos både lærarar og elevar.

No er alle førestillingane ved kulturhuset fulle, noko som set opp forventningane. Med berre éin dag att til musikalen si fyrste framsyning, er elevar og lærarar i full sving på kulturhuset. Høge hælar dansar medan scenesminka andlet syng entusiastisk. I bakgrunnen knipsar kamera engasjert og tastatur legg bak seg nye artiklar. Alt ligg an til eit rykande godt show!