Live Nilsvik konsentrert i aksjon. Foto: Martine Leine Rafteseth
Live Nilsvik konsentrert i aksjon. Foto: Martine Leine Rafteseth

Klokka er nærare sju denne onsdagskvelden, og mørket har lagt seg over Volda. Elevar og tilsette ved Volda vidaregåande skule har drege heim for dagen, og alt er mørkt og stille bak dei låste dørene – med eitt unntak.

Tekst: Martine Leine Rafteset

  • Denne artikkelen vart også publisert i papirutgåva til Møre-Nytt torsdag 11. februar.

På det nedre bygget til skulen kan ein i mørket skimte eit varmt lys breie seg frå eine klasseromet. Her inne er kveldens dramaøving godt i gang, og regissør, Bente Elin Johnsen, observerer og kommanderer medan ho flirar og ser ut til å kose seg. Framfor ho står Live Nilsvik og Tomas Håndlykken og lev seg engasjert inn i rollene sine.

Det å vere skodespelar er utfordrande og spanande. Bente Elin er fast bestemt på kva ho vil sjå og ikkje. Men eg synest det er kjekt, seier Live Nilsvik, som under årets musikal, Goodbye Yellow Brick Road, har kapra ei av hovudrollene.

Live tek ei lita pause og høyrer på kva Bente-Elin har å seie. Foto: Martine Leine Rafteseth
Live tek ei lita pause og høyrer på kva Bente-Elin har å seie. Foto: Martine Leine Rafteseth

Live valte å stille til audition for hovudrolla ettersom ho ikkje har hatt noko stor rolle tidlegare, og ynskte å utfordre seg sjølv. Dessutan tenkte ho det ville bli ei kjekk oppleving.

Karakteren ho skal spele vil ho beskrive som ei eventyrlysten og snill jente, noko ho på sett og vis kan identifisere seg med sjølv. Men trass i likskapane må ho i rolla gjere ting som ikkje liknar ho, og dette synst ho er utfordrande å dramatisere.

-Når det kjem til synging er vel den største utfordringa ein song eg skal ha aleine. Den er så sterk, og eg må gjere inntrykk på publikum.

Det er under to veker att til premieren ved Ørsta kulturhus 17. Februar. Då er over 100 elevar frå musikk, dans og drama og medium og kommunikasjon klare for den tjuande musikalen i rekkja.

Dette tyder at der står att mykje øving, testing og terping. Live opplever ein stressande kvardag med mykje på timeplanen. Det er ikkje alltid så enkelt å kombinere vanlig skule og det som kjem med når ein har hovudrolle i musikalen.

-Eg går tredje året ved vidaregåande, og har ein del og gjere, særemne mellom anna. Så det er stressande, men også veldig kjekt, fortel ho.

Der blir brukt mykje tid på å øve heime no som musikalen nærmar seg. Live set av tid regelmessig i løpet av veka, og øver ekstra på visse scener før dramaøvingane.

Det verste som kan skje er at eg gløymer replikkane eller nokre av songtekstane, seier ho.

Framleis står der att ein del øvingar før framsyninga, noko som Bente Elin ser ut til å setje pris på.

-Det ser bra ut med tanke på at der er 13 dagar att, vi har god tid. Hadde det der i mot vore i morgon hadde ikkje eg møtt opp, seier ho og flirar.

Tomas og Live bit tennene saman, bøyer hovudet ned og prøvar å skjerpe seg. I det blikka deira møtast att spring smilet ufrivillig fram, og dei bryt ut i latter. 

Ein god latter forlenger livet. Foto: Martine Leine Rafteseth
Ein god latter forlenger livet. Foto: Martine Leine Rafteseth

– Premiera blir skummel, nervepirrande iallfall.

Live er optimistisk til musikalen, og trur det vert kjekt trass i utfordringar, stress og nervar.

-For min del vert det nok litt kjekkare i år enn i fjor, ettersom eg med ei større rolle har meir å seie for det heile, avsluttar tredjeklassingen, som er med på sin siste Volda-musikal.