Sverre Walderhaug og Knut Olav Svendsen er begge klare til musikal.
Sverre Walderhaug og Knut Olav Svendsen er begge klare til musikal. Foto: Malin Kvamme

Etter å ha brukt dei siste vekene på å øve i klasserom og salar har elevane og lærarane på den vidaregåande skulen i Volda endeleg flytta seg til Kulturhuset I Ørsta.

Tekst: Elias Nygård

Det er her årets musikal skal arrangerast og det er her den har blitt arrangert dei siste ti åra. Alle rom blir brukt og du kan nesten ikkje snu deg utan at du ser ein gjeng med elevar som arbeidar, øver eller testar utstyr.

Men å få klargjort eit slik innflytting er ikkje enkelt. Søndag møtte ei gruppe beståande av diverse elevar og lærerar opp på kulturhuset for å rigge scena.  Dei vart assistert av lyd og lys-menn frå Lydkjelleren som frå no av blir innlemma i musikalproduksjonen. Dei er ansvarlege for at alt av lyd og lys er klart når musikalen går av stabelen på onsdag.

– Vi har då 17 bevegelege, 24 parkanner, 6 profilar og 5 fresenela, fortel lysmann Knut Olav Svendsen. Det høyrast kanskje ganske gresk ut, men det er i realiteten namn på forskjellege typar lys.

– Dei bevegelege kan ein styre, medan dei andre er namn på forskjellege typar lys, forklarar han. Knut er no midt i planlegginga av lysoppheng og følgjar godt med på øvingane for å finne ut kva som skal lysast opp og ikkje.

– I og med at der skal være så mykje projisering og bilete og video må eg passe på at der ikkje er for mykje lys på og at fargane passar med det som blir visst, men det tar eg litt etter kvart, seier Knut.

For i år skal ein også «project mappe» på scena. Meir om det finn du her.

Ein annan som kjem til å sitte bak spakane bakarst i salen er lydmann Sverre Walderhaug

– Vi har 23 trådlause system, seier han stolt før han legg til at det vil seie myggane til skodespelarane og mikrofonane som solistane brukar.  I tillegg har Sverre også ansvaret for lyden til orkesteret og koret, der koret aleine har 60 mikrofonar. I dagane framover kjem Sverre til lese manuset grundig for å forsikre seg om at alle høyrer kva som går føre seg på scena og forhåpentlegvis ikkje noko frå dei som er bak den.

For å nokre korte utdrag frå søndagens aktivitetar kan du sjå denne videoen: