– Korleis er stemninga etter premieredagen?
– Kva må du forbetre før neste framsyning?
– Korleis blir det å gå på scenen i Ulsteinvik?
Vilde Dalebø Eliassen
– Stemninga i dag er bra, men eg er veldig utslitt. Laurdagen var veldig, veldig lang, så det var godt å få slappe av litt heime i sofakroken i går.
– Eg må pugge litt meir tekst, og ha enda betre innstilling før vi går på scena. Vi må berre slå til og ta Ulsteinvik med storm!
– Eg har aldri vore i Ulsteinvik på kulturhuset før, så det blir spennande å sjå korleis det ser ut der. Eg håper det er minst like bra som i Ørsta, og at showet blir dobbelt så bra.
Martine Nes Trandal
– Stemninga er veldig bra, men vi er litt slitne.
– Eg må kunne alle tekstane til songane, slik at eg ikkje syng feil.
– Eg trur det blir veldig gøy å gå på scena i Ulsteinvik. Eg har høyrt at garderobene er veldig små, så det blir spennande å sjå.
Anna Sørdal Klungre
– Eg trur folk er spente, det er vanskelg å halde trøkket oppe når vi skal gjer det same fleire gongar.
– Eg må bli litt betre i stemma. Eg er veldig hes akkurat no så det er litt skummelt, men eg satsar på det går bra.
– Det blir gøy å gå på scena i Ulsteinvik. Eg har høyrt at der er litt dårleg med garderobeplass, men eg trur det vil gå bra.
Bendik Hustadnes
– Stemninga er veldig god den. Det var ein kviledag i går, så i dag er energien på topp igjen.
– Eg dansa ein god del feil, så det må eg forbetre.
– Det blir veldig kjekt å gå på scena i Ulsteinvik. Nytt hus, nytt publikum og nye moglegheiter.
Tekst: Maren Solem, Tonje Sjølseth
Foto: Maren Solem, Amalie Haugland Bjørkedal