Måndag flytta heile musikalflokken inn på Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik. Det er spanande å gjere seg kjende med nye lokale! Liv-Margrethe Muren Ulvund: Det er ganske annleis enn å vere i Ørsta. Her er veldig liten plass, og garderobene er veldig små. Backstage er litt trangt, og det går ikkje to i breidda i gangane. Tor-Stian Bjørneset og Eirik Trovåg Bjørneset: Stemninga er megabra, og alle er veldig gira. Vi skal på scena om to minutt, men vi er berre avslappa. Selene Meinseth og Karen Mathea Ulvund Solstad: Eg er eigentleg veldig nervøs fordi her er mindre plass, og gulvet er litt glattare. Men forhåpentligvis blir vi vandt med det. Jon Andre Rebbestad: Øvingane går framover, men det er litt mykje rot og litt lite konsentrasjon. Elias Odden Slettevoll: Det er veldig gøy å ha hovudrolle. Kjekt å ha den muligheita til å stå på scena og «bitte» i hop forestillingane. Tekst: Maren Solem, Julie Sævik Foto: Anette Vågane Sunnarvik