– Korleis er stemninga etter premieredagen?

– Kva må du forbetre før neste framsyning?

– Korleis blir det å gå på scenen i Ulsteinvik?

 

Vilde Dalebø Eliassen

redigert_DSC6730– Stemninga i dag er bra, men eg er veldig utslitt. Laurdagen var veldig, veldig lang, så det var godt å få slappe av litt heime i sofakroken i går.

– Eg må pugge litt meir tekst, og ha enda betre innstilling før vi går på scena. Vi må berre slå til og ta Ulsteinvik med storm!

– Eg har aldri vore i Ulsteinvik på kulturhuset før, så det blir spennande å sjå korleis det ser ut der. Eg håper det er minst like bra som i Ørsta, og at showet blir dobbelt så bra.

 

Martine Nes Trandal

redigert_DSC6745

– Stemninga er veldig bra, men vi er litt slitne.

– Eg må kunne alle tekstane til songane, slik at eg ikkje syng feil.

– Eg trur det blir veldig gøy å gå på scena i Ulsteinvik. Eg har høyrt at garderobene er veldig små, så det blir spennande å sjå.

 

 

 

 

 

Anna Sørdal Klungre

redigert_DSC6749

– Eg trur folk er spente, det er vanskelg å halde trøkket oppe når vi skal gjer det same fleire gongar.

– Eg må bli litt betre i stemma. Eg er veldig hes akkurat no så det er litt skummelt, men eg satsar på det går bra.

– Det blir gøy å gå på scena i Ulsteinvik. Eg har høyrt at der er litt dårleg med garderobeplass, men eg trur det vil gå bra.

 

 

 

 

Bendik Hustadnes

redigert_DSC6751

– Stemninga er veldig god den. Det var ein kviledag i går, så i dag er energien på topp igjen.

– Eg dansa ein god del feil, så det må eg forbetre.

– Det blir veldig kjekt å gå på scena i Ulsteinvik. Nytt hus, nytt publikum og nye moglegheiter.

 

 

TekstMaren Solem, Tonje Sjølseth

Foto: Maren Solem, Amalie Haugland Bjørkedal