Elevane på musikk, dans og drama set kvart år opp ein musikal saman med medielinja. I år vert musikalen sett opp for 17. gongen og dette er eit stort høgdepunkt for både elevar og lærarar på skulen.

Musikalen er først og fremst undervisning og læring, men ikkje berre på fagleg nivå. Under prosjektet får elevane høve til å utvikle seg som menneske, gjennom eineståande opplevingar, utforsking, samarbeid og kommunikasjon. Elevane får stå i rampelyset og vise fram det dei har lært på skulen, og lista vert lagt høgt.

Musikalen FAME i 2012 var ein stor suksess.
Musikalen FAME i 2012 var ein stor suksess.

Gled deg til premieren 13. februar!