I dag har FX-gruppa gjort siste finish på planlegginga si, og skal snart ut i arbeid for alvor. Dei står for den digitale visualiseringa under forestillingane og delar av historia skal, slik som tradisjonen har blitt dei siste åra, visast på skjerm.

Prosjektleiar Bjørnar Trovholm Sævik og FX-sjef Tarjei Skjærset seier at dei ikkje kan avsløre detaljar rundt scenene dei skal filme, men dei fortel at dei skal tilby publikum imponerande videoar.

– Vi har blant anna fått god hjelp av Volda Maskin AS, og har allereie filma på spanande locations, nikkar Bjørnar nøgd.

Trass i dette gjenstår det fortsatt mykje arbeid, både for skodespelarane og filmteamet.

IMG_1403