– Eg må berre tenke «kva ville Maria gjort» i dei forskjellige situasjonane ho hamnar i, seier Hanna Synnøve Åkre Grimstad. Ho speler tittelfiguren i Musikalen 2025, «The Ultimate Magical Adventures of Maria Mythica Musique».
Tekst: Åge André Breivik, Volda vgs
– Eg synst me ligg godt an! Det er sjølvsagt meir me må jobbe med, og meir som kan forbetrast og gjerast med meir energi, men med tanke på at me framleis har eit par dagar att, så er eg veldig positiv, seier ho.
Hanna har ei større rolle i årets musikal enn ho har hatt tidlegare, og ser fram mot å stå på scena i premieren tysdag.
LES OGSÅ: Musikalveka er i gong!

– Eg har hatt mange replikkar å øve på og hugse. Eg gjer meir på scena enn tidlegare, og syng ikkje så mykje i kor som tidlegare år, fortel ho.
- Ikkje kjøpt billett endå? Nedst i innlegget finn du lenker direkte til dei forskjellige framsyningane på kulturhuset.
Klare på kulturhuset
I helga har musikalsirkuset flytta frå øvingar på Volda vidaregåande til Ørsta kulturhus. Der går sceneteppet opp for publikum tysdag 11. februar.
– Me er vel akkurat der me skal vere, seier regissør Marit Lid Skorstad etter fyrste fulle øvingsdag på kulturhuset.
– Litt kaos, frykteleg spennande og veldig kjekt, legg ho til.
Musikalen 2025 er den 28. i rekkja frå Volda vidaregåande skule, og er eit samarbeid mellom Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon. Framsyninga blir spelt fem gonger denne veka, med premiere tysdag og to framsyningar onsdag og to torsdag.
– Det er hundre små detaljar som skal lande. At timinga blir betre, og at alle forstår kva dei skal gjere når dei gjer det, seier Lid Skorstad.
LES OGSÅ: – Men kva gjer eigentleg MK i musikalprosjektet?
Mange høgdepunkt
I «The Ultimate Magical Adventures of Maria Mythica Musique» møter me Maria som plutseleg finn seg sjølv forskjellige stader i tid og rom, og som må finne ut av eit mysterium. Me møter piratar, cowboyar og kjente politiske figurar rundt om i universet.
– Det blir fleire høgdepunkt, det blir nok veldig avhengig av personen som ser på, seier regissør Lid Skorstad.
– Eg trur kvar scene kan bli eit slags høgdepunkt. Men sjølvsagt er siste scena veldig sterk, når alle er samla på scena, frå alle universa. Så då må publikum site og glede seg til slutten, seier hovudrolleinnehavar Hanna Synnøve Åkre Grimstad.