3MK hadde ansvar for fotografering til programheftet som blir delt ut til publikum under framsyningane. Her sit MK-elev Dorthea Sævik Bjørneset og ser på bileta dei har tatt, medan MK-lærar Åge Andrè Breivik følgjer med. FOTO: Odin Tvergrov Nilsen
Tekst: Anna Julie Eikrem Røys | Foto: Odin Tvergrov Nilsen og Sara Øen Leirvik
Kvart år stiller Musikk, dans og drama (MU) på Volda vgs sterkt med både skodespelarar, songarar, band og kor på scena under musikalen. Men det mange ikkje veit, er at Medium og kommunikasjon (MK) også er tungt involvert. Dei har mange viktige arbeidsoppgåver bak kulissene.
MK-elevane har mange oppgåver å styre med i musikalprosjektet, som er fordelt på dei tre klassetrinna. Dei får god hjelp frå lærarane, som har lang erfaring og veit kva som skal til for å kome i mål. Det er likevel mykje å halde styr på fram mot sjølve musikalveka på kulturhuset i Ørsta.
– Musikalveka blir veldig stressande, men gøy, seier Erle Ottesen Husøy, elev i 2MK.
I år er det 2MK som skal lage saker til nettsida musikalen.no. I tillegg har dei ansvar for fleirkameraproduksjonen, der dei skal filme alle framsyningane med fire kamera, og setje dette saman til ein ferdig film. Fleire av elevane i 2MK skal også lage bakomfilm og ta bilete både bak og på scena. Men trass i stress og lange dagar, trur elevane at resultatet blir bra til slutt.
– Det er veldig gøy å gjere noko som ikkje er vanleg skule, sjølv om det er stressande, seier Nora Pauline Hovden Remøy, elev i 3MK. Ho er med på å lage Musikal-TV, saman med eit par medelevar i 3MK. Resten av klassa jobbar med bakomfilm, konsertfoto og utarbeider grafiske produkt som logo, plakat og programhefte med meir. I tillegg har dei ansvar for å avvikle dei digitale kulissene live under framsyningane. Kulissene er laga av elevar i programfaget Grafisk design.
– Det er mykje arbeid, men eg trur at resultatet blir ganske bra, legg Nora til.

Forventningar til musikalen
– Eg håper at det blir gøy og veldig kult, seier Mathea Sande Arnevik, elev i 2MK. Elevane i 2MK var også med på musikalprosjektet i fjor, og har forventningar om at årets musikaloppleving blir minneverdig.
– Eg håper det blir full sal, at musikalen faktisk blir utselt, seier Emelius Kerubino Aaberg, elev i 1MK.
Førsteklassingane er med på prosjektet for første gong, og dei har store forventningar til korleis det vil bli. 1MK jobbar med Musikalmagasinet, som dokumenterer heile musikalprosessen og blir delt ut til alle elevane på musikklinja og medielinja etter at prosjektet er ferdig. Her må dei intervjue, observere, skrive og ta bilete både før, under og etter musikalperioden, og til slutt setje det heile saman og klargjere det til trykk. Dette blir eit fint minne for alle involverte elevar, som dei får med seg frå tida på vgs.
