Fredag 7.februar gjekk startskotet for årets musikalveke, og no skal alle puslebitane setjast saman til det som skal bli The Ultimate Magical Adventures of Maria Mythica Musique.
Tekst og foto: Martine Stensaa-Blø og Dorthea Sævik Bjørneset
Kor, solistar, skodespelarar og dansarar. Orkester, digitale kulisser, kameracrew og fotografar. Regissør, koreograf, dirigent og lærarar med mange hattar. Det er fullt i festsalen på skulen når alle delane av produksjonen skal samlast for ei første heile gjennomkøyring.














