
Volda vidaregåande skule presenterer musikalen
«The Ultimate Magical Adventures of Maria Mythica Musique»
* Bilete frå MUSIKALEN 2024: Hello Goodbye (FOTO: Åge André Breivik)
Årets musikal handlar om ei jente som på overraskande vis må legge ut på ei heilt fantastisk og eventyrleg reise. Eit eventyr der tonane tek oss med fram og tilbake i tid, langt ut i verdsrommet og heilt inn i jordas kjerne. Maria får i oppdrag å skape harmoni i universet, i ein odyssé av moglege og umoglege hendingar, med både kjende og ukjende skikkelsar. Målet er å kome fram til ein endeleg harmoni, men ein slik endeleg harmoni vert berre til undervegs mot målet, skapt av alle tonane på reisa dit. Men dette klarer ikkje Maria Mythica Musique utan hjelp! Og kanskje får ho hjelp på vegen? Kanskje du vil hjelpe henne? Om du vil vere med å hjelpe – ja, då må du ta turen til Ørsta kulturhus i februar 2025!
Musikklinja ved Volda vidaregåande skule fyller heile 30 år i 2025, og vi vil difor markere dette med ei verdspremiere på ein nyskriven musikal, der vi feirar både musikken og livet! Vi gler oss, og vi håpar du kjem og vitjar oss!
Framsyningar
Klikk på framsyning for å kome direkte til billettsal for den aktuelle framsyninga.