– Eg hadde gåsehud under heile framsyninga, seier rektor Trond Hjelseth. Onsdag var det premiere på musikalen Goodbye Yellow Brick Road, som er den tjuande musikalen i rekkja.

Tekst: Malin Nordby Kvamme

Førestillinga gjekk nesten knirkefritt, så dette er absolutt ei verdig tjueårsmarkering.

Etter mange lange dagar med øving og hard jobbing, har både musikk- og medielinja gjort ein imponerande innsats med å setje opp ei slik førestilling. Det tekniske har blitt større og meir avansert enn tidlegare, i tillegg til at alle musikkelevane gjer ein prestasjon det er vanskeleg å ikkje bli rørt av.

Om du har billett til ei førestilling er det berre å gle seg, dette vil du ikkje gå glipp av!

Nedanfor kan du sjå eit stort biletgalleri frå premieren. Det kjem fleire bilete frå framsyningane dei neste dagane, så det er berre å halde augene opne.

Trykk her for å kome til musikalen si Facebookside