Hovudrolla Live Nilsvik framførte nydeleg song under gjennomkjøringa tysdag. Foto: Stine Løseth
Hovudrolla Live Nilsvik framførte nydeleg song under gjennomkjøringa tysdag. Foto: Stine Løseth

”Da stiller alle opp!” ropar Bente-Elin. Sceneteppet går att og ein svartkledd person rekk akkurat å springe bak. Kviskring flyt som ei bølgje over salen. Folk hysjar. ”Veit nokon kvar walkie talkien er?”, blir sagt frå bakarst i salen. Ingen finn han, openbart. Salen blir som natta, og det einaste auget kan definere er eit høgt, kvitt objekt på scenen.

Tekst: Martine Leine Rafteseth

– Er alt klart? Skal vi byrje?

Svaret kjem kort og konkret frå regissøren: ”Gjerne.”

Gule brikkar dansar brått på tårnet av kasser. Blå kjem over. Det heile transformerar seg til veg av mursteinar mot solnedgangen. Spanande musikk fyller tomromet i salen, medan svartkledde skikkelsar trippar ned sidespranget. Nedanføre scena dansar dei samkjørt, berre definerte av neongule strekar. Brått vert kassene flytta. No er musikken endå meir dramatisk. Sceneteppet har gått til sida, og dei svarte skikkelsane forsvunne i mørket.

Nede i venstre hjørne har nokre musikkelevar òg samla seg. Dei sit lydlaust og observerer. Videokamera er plassert rundt og kring. Alt blir testfilma til premieren. På ei av dei midtarste radene sit Siv Kristin Aurdal. Ho bevegar hovudet i takt med musikken, lyftar henda, dirigerer med staven.

Spottar bevegar seg bortover det svartlakka, opplyste scenegolvet. Det heile vert styrt av nokre karar bakast i salen, med eit svært miksebord framføre seg. Tusenvis av knappar. Raud, grøn, kvit. Ulike symbol. Spakar som skal opp, spakar som skal ned, og spakar som ikkje skal røyvast. Det luktar scenerøyk. Ein kan sjå ei tynn tåke sveve uskyldig under scenelysa. Prosjektoren lyser opp ein bakgrunn som gir miljøet til scena. Det kvitkledde koret går i eitt med omgivnadane.

Ting må vere i system. Dei skal samkøyrast, saumfritt.

I sceneskiftet går lyset av. Folk spring, og ein høyrer kviskring i bakgrunnen av skuggane. Brått kjem lyset på att. Nye karakterar dansar innlevande. Hår flyg. Hender blir kasta opp i veret medan beina trippar entusiastisk. Dei rokkar med henda, hoppar rundt og sparkar beina bak. Det heile vert avslutta i ei flott oppstilling.

Førestillinga fortsett med nye og gamle andlet. Ein herleg balanse mellom song, skodespel og dans. Elvar arbeidar iherdig på scenen. Dei osar sjølvtillit –med god grunn! Etter litt blir songen avslutta, og danserane må trippe bak for å ikkje bli feia ned av det store sceneteppet. Smil og latter kjem fram i dei oppspilte andleta. Fyrste akt er alt ferdig.

-Wow! Da kan alle sette seg. Elias, ta opp teppet, seier Bente-Elin.

Den raude duken blir drege til sida, og musikkelevane kjem atter ein gong til syne. Dei sit spreidd over heile scenen; nokre på trappene bakarst, nokre på kasser, andre på golvet. Bente-Elin kjem ned på scenen for å gi tilbakemelding.

Slitne kroppar omringar henne. Tunge hovud vert støtta opp av hender, nakker vridd fram og tilbake.

13 min pause. Bakarst lyder teknisk snakk medan folk spring opp og ned trappa, inn og ut døra til backstage. Nokre kvitkledde personar dansar lett på scenegolvet, andre står i grupper. Ei utydeleg skravling ligg monotont over salen.

Fremst på scenekanten sit to av hovudrollene. Radio Volda vil ha dei direktesendt, og fekk akkurat snike seg til eit intervju i pausen. Dei ser ut til å smile og kose seg. Brått er tida ute. Gunnar Aurdal klappar henda saman og veivar dei opp medan han ropar: ”Opp igjen.” Alle kjem etterkvart på plass. Nokre småjoggar frå kostymerommet, andre ned trappa. Sceneteppet går att og intervjuobjekta rekk akkurat snike seg bak.

-Kan vi kjøre? spør nokon.

– Ja, klart! svarar Bente-Elin.

Stillheita rår, alvoret breier seg. Stemninga er att ein annan. Snart går sceneteppet til side.