Søndag 2. februar, klokka har akkurat passert 13:45 og ein gjeng med unge skodespelarar har okkupert rom 4 på Volda vidaregåande skule. Det er berre ei og ei halv veke att til musikalen skal framførast. Lærarane Bente-Elin Johnsen og Jan Terje Eidset kjem inn: ”Vi tek det frå starten!”.

P.S. Videoreportasje nedst i artikkelen.

Elevane skjønar ikkje heilt kva som skjer, men moro er det. Artikkelforfattar Aleksander Myrene frå medielina slepp heller ikkje unna (ytst til venstre i biletet). Foto: Mathea Myrene Stokke (frå videomateriale).
Elevane skjønar ikkje heilt kva som skjer, men moro er det. Artikkelforfattar Aleksander Myrene frå medielina slepp heller ikkje unna (ytst til venstre i biletet). Foto: Mathea Myrene Stokke (frå videomateriale).

Denne søndagen består av seks timar med dramaøving for dei med hovudroller i årets musikal. Hovudrollene vert spelt av elevar frå første-, andre- og tredjeklasse på musikklina til Volda vgs, nokre nye og nokre gamle. Lærarane sitt bakerst i rommet bak eit bord med manus, ein kaffikopp, ein termos og mobiltelefonane til elevane. Dei starta med den første akta og tok det derifrå. Om du har sett tidlegare øvingar ser du allereie store framsteg. Alt går mykje raskare, det er færre avbrytingar av typen ”kva skal eg seie no?”, folk veit kvar dei skal stå, og dei einaste spørsmåla som oppstår er forslag til forbetringer, kontra kva som skal gjerast i det heile. I tillegg er det no koregrafi til musikkinnslaga, som gjer songane mykje meir spanande!

Journalistikkarbeidet mitt blir brått avbrote av at Bente-Elin ber alle om å stille seg midt i rommet. Ingen skjønte heilt kvifor, men vi gjorde som ho sa.

”Jeg vil ha fire stykker som holder hender sammen i en firkant”, byrjar ho med. Ingen skjønte heilt kva ho meinte, så ho kom fram og viste. Etterkvart skjønte vi at det skulle vere som ”den gylne stol”. ”Okay, da vil jeg ha fire stykk rundt dere igjen, hold hendene på skuldrene deres på hjørnene, og stå så tett sammen som mulig! Så vil jeg ha resten rundt der igjen!”

Litt fram og tilbake, så fekk ho det som ho ville. Vidare ville ho at vi skulle ta to steg ut, eitt til sida, for så å sirkle rundt ”kjerna” utan å ta borti kvarandre. Vi skjønte ingenting. Til slutt ba ho oss om å springe rundt i rommet utan å vere bort i kvarandre. Vi sprang i sirklar omkring eitt minutt. Eg la merke til at ho filma alt med telefonen. Ho la den frå seg og sa: ”Okay, takk, nå kan jeg vise elevene mine forskjellen på vann, is og gass”.

Med det ute av verda fortsatte øvinga som vanleg.

I rute?
Det er matpause og det blir sett fram kake og bollar. Eg går bort til pianoet og pratar smått med Elias Odden Slettevoll, som sit og spelar piano under intervjuet.

– Dette er første gang vi går gjennom alle scenene på same dag. Før har vi hatt ei og ei scene per øving, så dette er ein veldig travel dag med stramme tidsrammer. Det er no i dag vi verkeleg får sjå om vi er klare, om vi ligg i rute til musikalen. Eg må seie at eg ser dei med hovudroller har øvd heime på eiga hand, og eg er ganske overbevist om at alle vil gjere det bra på musikalen.

Eg beveger meg ut i gangen og møter tre av dei kvinnelige rollene, Åse Malene Lauvsnes Oddekalv, Helenah Mpanza Lindalen og Pernille Kvalheim Egset.

– Det er mykje venting og vi er sikkert litt lei, men no ser vi korleis det blir samanhengande. Scenene tek meir form. Vi hadde ikkje heilt trua for nokre veker sidan, men no ser det bra ut. Stemninga er på topp, det er mykje latter, alle har samme mål, vi vil at det skal bli bra, seier Åse Malene.

Helenah ser tomt i lufta og tenkjer litt.

– Eg fekk høyre før at eg var for snill og søt, men ikkje no lenger. Eg har blitt så ”bitchy” som karakteren min skal vere. Eg går raskare inn i karakteren no enn før, sånn sett er det lettare.

Lidenskap

Det vert også litt tulling, fordi dei er artige folk, i følgje Jon Olav Sandal (til venstre, Sigrid Terøy Finnes). Foto: Mathea Myrene Stokke (frå videomateriale).
Det vert også litt tulling, fordi dei er artige folk, i følgje Jon Olav Sandal (til venstre, Sigrid Terøy Finnes). Foto: Mathea Myrene Stokke (frå videomateriale).

I naborommet står matbordet. Der sit Jon Olav Sandal som spelar ”den yngre Christian”, med to pizzastykke i ei matboks.

– Dagens øving har vore effektiv og produktiv, som vanleg. Det er også litt tulling, for vi er veldig artige folk, veldig mange kule, eh, folk. Vi har spelt rollene våre ein del no, og vi har kome meir inn i det. Vi gjer ikkje dette til vanleg, så det tek litt tid før … inspirasjonen kjem. Du veit aldri kva du kjem til når du dreg på dramaøving, plutseleg er du eit molekyl.

Jon Olav hadde også ei hovudrolle på fjorårets musikal, eg spurte kvifor han tek på seg den utfordringa igjen.

– Eg ville ha rolle fordi eg synest det er veldig gøy, eg likar veldig godt å framføre ting og halde på med song, skodespel og liknande. Det er lidenskap, noko lidenskapleg, stort, spektakulært, og sensuelt med å stå på ei scene!

Videoreportasje

Framleis går dramaøvingane føre seg på eit klasserom, men om kort tid står elevane på ei opphøgd scene. Filma av Mathea Myrene Stokke. Redigert av Mathea Myrene Stokke.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *