Judi Leonora Nygård Aahjem (17) og Tor Øystein Hoddevik (17) frå Vanylven gler seg mykje til premieredagen 12. februar. Saman med om lag 100 elevar er dei snart klare til årets musikal frå Volda vidaregåande skule, Moulin Rouge.

– Forventningane mine er kanskje litt for høge, men eg trur dette kjem til å bli så bra at eg held fast på forventingane. I fjor hadde vi ein kjempebra musikal, men i år trur eg det blir noko verkeleg stort, seier Judi Leonora.

Musikalen er ei stor hending for både elevar og lærarar på skulen, samt ei stor kulturell hending for lokalsamfunnet i Ørsta, Volda og resten av Søre Sunnmøre, ettersom skulen har elevar frå heile regionen.

– Eg kan vel eigentleg ikkje seie at eg har særleg med nervar. Eg trivst med å opptre så lenge eg kan det eg skal spele. Men musikalen er noko ganske stort, så eg reknar nesten med at nervane kjem etterkvart, seier Tor Øystein spent.

Judi Leonora skal syngje i koret og danse under årets musikal. Ho skal også vere med i eit ensemble, eller eit lite kor. Tor Øystein skal spele perkusjon og litt trekkspel i orkesteret.

– Dette er noko eg tar veldig seriøst, så eg føler eit ganske stort ansvar overfor musikalen. Musikken som orkesteret spelar må sitje heilt perfekt. Paukeslaga og alle markeringane må kome inn på rett tid, slår Tor Øystein fast.

tor-oystein

– Det ville ikkje blitt ein bra musikal om til dømes ingen av koristane lærte seg songane som skal framførast. Alle har eit stort ansvar, seier Judi Leonora.

Musikalen er eit samarbeid mellom Musikk, dans og drama & Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule. Årets framsyning er basert på filmen Moulin Rouge og handlar om miljøet rundt den berømte nattklubben i Paris.

– Eg gler meg veldig til sjølve «musikalstemninga», møte opp tidleg på øvingar og berre sjå kor bra det heile blir, fortel Tor Øystein.

– Eg gler meg til å kjenne sommerfuglane i magen når sceneteppet går opp for fyrste gong og premieren er i gong, seier Judi Leonora.

Tekst: Ingrid Romestrand Aarseth og Hanne Elisabeth Lia. Foto: Guro Lindvik Velsvik.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *