Dette seier Lina Aasmo som er lærar ved Bratteberg skule. No er det berre nokre timar igjen til premiere på musikalen Moulin Rouge, og tidlegare i dag vart det gjennomført generalprøve med publikum.

I salen, under pausa etter første akt gjekk praten livleg. Ein av dei som likte seg godt i salen var Sigurd Sørheim.

– Det ser veldig bra ut! Dei er veldig flinke, og eg gler meg til å sjå andre akt, seier eleven frå Bratteberg skule.

Etter andre akt var folk framleis positive til musikalen.

– Det var veldig bra, både skodespelet og songane, seier Eline Korsnes. Kristina Myrseth smiler og nikker.

Litt lenger bort får vi tak i Nils Ose, ein lærar som tok følgje med elevane sine for å sjå generalprøva for årets musikal. Han stilte gjerne opp til eit lite intervju.

– Du, dette var svært! Veldig flott, rett og slett. Av og til var det litt sterk lyd som gjorde det litt vanskeleg å få med seg kva korister og solister song, men bortsett frå det var det veldig bra! seier han.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *