Wow… seriøst denne veka har gått so utroleg raskt! Endeleg begynner vi å få satt saman alt saman. Eg begynner å gle meg MYKJE til musikalpremiera som er under éin veke til.

Introfilmen nærmar seg slutten no og eg hoppar over til å vere fullt på fleirkamera. Eit par frå design-gruppa har hjulpet FX-gruppa slik at alt skal bli klart til premiera.

Fleirkamera er óg ein krevjande jobb og bitte litte granne nifs. Vi skal jo faktisk filme førestellinga og dokumentere den. Det vi filmar skal verte om til ein DVD som andre kan kjøpe. Det må jo vere god kvalitet på den so derfor har vi tre på fleirkamera begynt å øve oss på fokus og kameraføring. På søndagen gjorde vi, som sist, klart korleis vi skal filme kvar akt, kvar scene og kvar bevegelse. Kven vi må ha nærbilde av og frå kva slags kamera som burde filme kva. Eg skal ha kameraet i midten så eg skal sjå etter kva det er som passar seg å bli filma frå midten. For det meste skal eg ha eit stort bilde der eg får med meg fleire personar og noko av bakgrunnen, men av og til er det eg som har best moglegheit til å kome nært på enkelte karakterar så då må eg av og til zoome raskt ut og inn. Det er veldig krevjande for éin ting er å gjere forarbeid, men det er noko å måtte bære, sette opp og pakke ned alt utstyret. HD-kameraene og stativa er blytunge, men eg vel å sjå på det som ei god treningsøkt for både armar og bein. Tysdag, dagen før premiera, var det ein full gjennomkøyring der alle tre på fleirkamera fikk teste ut det vi hadde skreve over fleire dagar og frå dei opptaka sjå om det er noko som må endrast på. Det var også greitt å få prøve og finne ut av korleis kamerane skulle settast opp med seta slik at det ikkje er noko vi må styre lenge med.

Det er ikkje so lett å filme som det verkar når ein høyrer om det. Vi må alltid ligge et par steg foran alt anna slik at vi får bevega kamerane til den plassen vi skal vere før skodespelarane er der. Det er lett å gløyme at ein heile tida skal tenke kva som er neste steg. Eg veit at eg gjorde det i alle fall. Vi må heller ikkje bevege kameraet for raskt, for seint og skodespelarane skal ikkje sjå ut av skjermen utan at det er luft mellom auga og ramma. Eg trur at når vi får filma eit par førestillingar vil det gå betre, men ingen av oss har gjort dette før og vi er veldig nervøse. Før premiera på onsdagen er det generalprøve og heldigvis skal vi filme den óg. Det er litt skummelt, veldig utfordrande, men også veldig spennandes! Blir bra med ferie etter så mykje jobbing.  Eg er glad for at vi får sjå førestillingane med gode seteplassar for eg trur musikalen blir veldig, veldig bra. Etter å ha sett 4-5 øvingar på tre dagar er hovudet mitt fylt med ein kaotisk medley av songar frå musikalen, men det er ikkje dei verste songane å ha på hjerna. *blunke-smile-fjes *

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *