Uttrykket å brenne stearinlyset i begge endar er eit gamalt utrykk som stammar frå fransk. Det tyder å jobbe frå tidlig på morgonen av til seint på kvelden, altså bruke opp heile stearinlyset. Dette var jo sjølvsagt før Edison fann opp lyspæra, som vi alle er svært glade for at han gjorde.

Uttrykket i seg sjølv forklarar godt kva det er vi må gjere medan vi arbeider med musikalen. Musikaljobbinga er ikkje noko vi legg frå oss når skuledagen er slutt, nei, vi tek med oss jobben heim att, eller vi sit på skulen langt ut på kvelden, som nokre har gjort. Musikalen er ein fulltidsjobb der vi har ein deadline vi skal nå og den når vi ikkje dersom det ikkje blir noko jobbing utanfor skuletida.

På FX er vi fullt i gong med introfilm og digitale kulissar. Det er ein DIGER jobb! Eg har teikna og teikna og teikna denne veka eg byrjar nesten å få vondt i handleddet, men med litt handleddgymnastikk held eg ut litt til. Det er teikninga eg må ha med meg heim att. Både etter skule på kvardagane og i helgane for å få alle elementa klare, men det gjer meg faktisk ikkje noko. Det er både kjekt og koseleg å sitje å teikne Paris. Denne helga må eg teikne dei siste elementa og neste veke kan vi byrje å få alt sett saman, og det er det eg, og truleg alle dei andre, jobbar mot; det ferdige produktet!

FX-gruppa produserer digitale teikningar på løpande band.
FX-gruppa produserer digitale teikningar på løpande band.

På fleirkamera-fronten byrjar det å skje litt meir. Vi skal allereie no på søndag vere med på dramaøving og notere kva det er vi skal filme nært eller ikkje nært, kvar kjem personane inn og kva slags kamera som har ansvaret for kva. Eg gler meg veldig til å arbeide meir med fleirkamera, men eg kan ikkje vere fullt med på det arbeidet. Eg har framleis FX å tenkje på. Premieren på musikalen er om knappe to veker, og sjølv om «Flappy Bird» er irriterande avhengigheits-skapande, må eg prøve å brenne så mykje stearinlys som mogleg!

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *