Elin-Marie Bigset Stang
Du kan sjå Elin-Marie som can-can-dansar under Volda vidaregåande skule sin musikal i år. Foto: Guro Osborg Kvammen.



- Musikalveka i si heilheit er eit stort høgdepunkt. Det er ei fantastisk tid, seier Elin-Marie Bigset Stang. Ho tek del i årets musikal som har premiere i veke 7 på Ørsta kulturhus.



Elin-Marie Bigset Stang er ei 17 år gammal jente frå Tjørvåg som går andre året på musikklina ved Volda vidaregåande skule. 

- Innan musikal har eg berre erfaring frå i fjor, men ellers har eg vore med på UKM og diverse lokale framsyningar, fortel ho.

Musikalen er eit samarbeid mellom Musikk, dans og drama & Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule. Årets framsyning er basert på filmen Moulin Rouge og handlar om miljøet rundt nattklubben i Paris.

– Eg har ganske høge forventningar sidan musikalen i fjor var så bra, men eg føler ikkje så stort ansvar, i og med at eg ikkje har rolle. Eg skal stå i koret, også skal eg vere can-can-dansar.

Dette er det 19. året med musikal, og tidlegare har mellom anna Hello/Goodbye, Fame og Kingdom of Desire blitt sett opp. Årets musikal har premiere 12. februar på Ørsta kulturhus.

– Å kunne stemma si kjem som ei sjølvfølgje og dansen må sitje perfekt. Sjølvsagt er eg nervøs, men eg har jo ikkje rolle så då er det ikkje så mykje anna å gru seg til enn dansen, seier Elin-Marie.

Backstage 2013
Elin-Marie gjer seg klar til dansenummer under fjorårets musikal, Kingdom of Desire. Foto: Pål Paulsen.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *