Det er ganske utrulig å sitte her å tenke på kva eg faktisk har vore med på. Kva for ein pang»start» vi førsteklassingane har fått på musikklinja!
Musikalveka har vore spanande, utfordrande, artig, nervepirrande, morosam og littegrann smertefull. Dei lange dagane med øving var ganske utmattande, og det eg gjorde var å danse og stå i kor. Eg kan berre forestille meg korleis hovudrollene har hatt det! Dei har hatt veldig mykje å huske på, og eg er imponert over prestasjonane til alle og ein kvar!
Før premiera var det mange spente fjes og sjå, eg var veldig nervøs, lurte på om premiera ville gå bra, for generalprøva hadde gått sånn passe, i alle fall for koret sin del. Premiera var utruleg! Den gjekk mykje betre enn forventa!.. Med unntak av at eg datt halvveis av scena etter danse-duetten og slo beinet. Men det gjorde berre premiera litt ekstra spennande  for meg:) Etter premiera hadde vi ein veldig kjekk premierefest! der var det glede og kjærleik i lufta. Lærarane og elevane på media og musikk delte ut blomster og fine ord til kvarandre. Både rørande og morosamt var det!

Dei andre forestillingane gjekk også veldig bra! det vart morosamare og morosamare etterkvart, for då vart eg mindre nervøs og kosa meg meir på scena, og det virka som dei fleste andre hadde det på same måte!

 

Musikalen 2013 har vore ein opplevelse for livet! og det skal jammen mykje til for å overgå den! Men den tid den sorg. No skal eg slappe av, for musikalar tærar på. Er utrulig glad og sliten og åååh, det går meir og meir opp for meg kva eg har vore med på, hehe! 🙂

 

Takk til alle elevane på Musikklinja, 2MK, våre fantastiske lærara, og toto, da, som lagar so bra musikk!

Dette blei visst litt av ein klisjê, men det er heilt sant!

-Mari.

 

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *