Høgdepunktet i året er i gong

No har musikalen starta for fullt, og øvingane går føre seg både morgon og kveld. Det er mange på skulen som ser på dette som høgdepunktet i skuleåret. Både musikkelevar, medieelevar og andre elevar.

Maria Aylin Barstad og Silje Karin Simonnes frå musikklina er blant dei som gler seg utrulig mykje. Dei håpar på at det blir gøy, å det trur dei det blir også.
– Det er det største høgdepunktet i året, samt noko vi gler oss til i mange månadar. Vi håper at det blir ei fin oppleving. I tillegg er det ganske lærerikt, seier dei.

Silje Karin Simonnes (v) og Maria Aylin Barstad

Nervepirrande før -fantastisk etterpå
Alle musikkelevane frå første, andre og tredje klasse er med på prosjektet «musikalen». Maria skal både stå i koret, og ha ei birolle. I denne birolla tek ho farvel med kjærasten sin som er hovudrolla helt i byrjinga av musikalen. Silje skal for det meste stå i koret, i tillegg til at ho skal danse litt.

– Det å stå på scena og framføre heile musikalen er det vi gler oss mest til. Sjølv om det er litt skummelt og nervepirrande med ein gong, er det alltid gøy når vi har kome igang, smilar dei. Når ein har kome opp og byrja for fullt, vil ein helst ikkje ned igjen frå scena. Ein vil berre fortsette, fordi det er så gøy.

Elevane er veldig engasjerte
Temaet i musikalen var dei ikkje heilt begeistra for i byrjinga, men no i ettertid når dei har byrja å øve og kome inn i det, har dei verkelig fått trua. Musikal-veka og denne perioden er den desidert beste i løpet av heile skuleåret, og det gir gode erfaringar til seinare i livet. Det å lære seg å stå på ei scene å både synge og framføre.

Olav Telseth frå førsteklasse har også ei rolle i musikalen, han skal spele piano i orkesteret. Han gler seg også veldig, men er ikkje særleg nervøs.
– Det er så lett, seier han med eit smil.
Markus Saunes, skal ha rolla som Daniel i musikalen. Han synest det ser lovande ut, og etter å ha gått gjennom manuset med medelevar gler han seg endå meir. Han vil vise kva han er god for.
– Alle må vere nervøse, det er slik som følgjer med.

f.v: Markus Saunes og Olav Telseth gler seg til musikalveka.

«Musikal-stemninga» er herlig
Mathea Paulsen gler seg mest til sjølve «musikal-stemninga» ho får før teppet går opp. I og med at ho er tredjeklassing føler ho eit litt større «ansvar» for musikalen. Ho skal både synge vokal, danse og synge i koret. No når dei har kome i gong med øvingar i koret, lest gjennom manuset nokre gongar og starta å øve skikkelig merkar ho faktisk kor bra det kjem til å bli. Ho har trua på at musikalen skal bli «rå-bra», sjølv om den har vore veldig bra dei førre åra også. Mathea meiner musikalen er noko som alle klassene ved musikklina jobbar hardt med kvart år, og dei lærer om både seg sjølve og korleis ein skal oppføre seg på scena i denne perioden.

Mathea Paulsen trur musikalen kjem til å bli "rå-bra".

– Eg ser på musikalen som eit profesjonelt prosjekt med stort publikum, noko som gjer at vi føler eit press på å prestere bra. Og det skal vi gjere også, seier Mathea.

No er alle engasjerte og klare for å få til eit godt resultat, så då kan eg berre seie; lykke til. alle saman.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *