Kva arbeid skjuler seg bakom den store musikalen?

På Volda vidaregåande skule blir det kvart år arrangert ein musikal av heile musikklina. Her får ein sjå alle elevane på Volda musikkline. Vi får sjå det dei har arbeidd med og øvd på i fleire veker. Men det er meir bak musikalen enn det dei fleste tenkjer. Elevar på medielina spelar også ei viktig rolle i det store prosjektet, og dei gjer svært viktig arbeid.

Det er elevane ved 2MK som styrer arbeidet rundt den medierelaterte delen. Elevane har fått utdelt forskjellege arbeidsoppgåver som dei arbeidar med. Dei har blitt delt opp i tre kategoriar og sju grupper. Dei tre kategoriane er journalistikk, marknadsføring og produksjon. På kvar gruppe er det ein teamleiar som skal halde ansvaret for gruppa, og følgje med på at alle gjer det dei skal.

Samlar opplysningar og formidlar dei
På medieredaksjonen er det skriving og intervju som er det viktige. Medieredaksjonen skal dokumentere kva som skjer, og dei skal vere oppdaterte på kva som går føre seg rundt musikalen. Dei er med på å spreie nyhendene vidare i lokalaviser, slik at folk utanom skulen skal få informasjon om musikalen. Medieredaksjonen sitt arbeid er viktig på den måten at dei gir ut informasjon, slik den blir spreidd vidare til andre i lokalmiljøet.

På journalistikk er det også ei foto- og dokumentarfilmgruppe. Hovudfokusen på denne gruppa er dokumentarfilm. Arbeidet deira går fyrst og fremst ut på å filme musikkelevane i aksjon på øvingar. Dei skal få fram korleis musikkelevane har det rundt denne tida, og kor mykje dei må arbeide for å få alt til å stemme. Dei skal blant anna intervjue personar som er med på orkester, dansing og synging. Dei prøver å fordele intervjua slik at dei får informasjon frå alle sider i musikalen. Dei tek også bilete for ulike aksjonar.

Ann-Iren Folkestad som har filma ei av dei mange øvingane til musikalen.

Fangar publikumet si merksemd
På marknadsføring er det heile tre forskjellige grupper. Det er design, PR og multimedia. Designgruppa jobbar med å lage logoen til musikalen, og dei jobbar med mykje som har med utsjånaden på produkt å gjere. Dei har laga ferdig logoen til musikalen, og dei skal jobbe vidare med plakatar og ”flyers” som skal vekke oppsikt, fyrst og fremst på skuleområdet.

f.v.: Karina Petrova og Malene Vatnehol som viser fram «flyeren» dei har laga.

Gruppa som jobbar med PR prøvar å skaffe ulike sponsorar, og dei arbeidar med å marknadsføre det designgruppa produserer. PR står for ”Public Relations”, som blir oversett til informasjon og samfunnskontakt. Det er dei som skal sørgje for at den informasjonen som skal ut, faktisk kjem ut, og at han kjem ut på rett måte. Det er denne gruppa som heng opp plakatar og ”flyers” som designgruppa har laga.

Web og multimedia arbeidar med å produsere ei nettside for musikalen. Nettsida kan ein finne om ein søkjer på www.musikalen.no. Her prøvar dei å få fram mest mogleg informasjon om kva som går føre seg i høve musikalen. Om det dukkar opp noko spanande nyhende, så er dei raske med å publisere dette på nettstaden. Det har vore veldig mykje arbeid å lage denne nettsida, og ein må vere erfarne med webdesign for å få til denne prosessen.

Skaper minne for framtida
På produksjonsteamet er det ei visualiseringsgruppe og ei filmgruppe. Det visualiseringsgruppa held på med, er eit spanande tema. Det er dei som skal stå for ”show nr.2” på scena. Dei lagar små filmar som skal vere på ein bakgrunn på scena, medan det er framsyning. Forarbeidet dei gjer då, er å filme elevane på ein ”greenscreen”. Det er eit hjelpemiddel som svært ofte blir brukt i filmproduksjon den dag i dag. Med denne ”greenscreen”-effekten kan ein setje inn stilige bakgrunnar, og det ser ut som elevane er på heilt andre stadar enn bak ein grøn skjerm.

f.v: Frida Løfoll og Vilde Moltudal som viser fram noko av produkta dei skal ha med i ein film.

Sist men ikkje minst er det filmgruppa, som driv med fleirkameraproduksjon. Det er dei som har ansvaret for å filme premiera til musikalen. Denne gruppa har svært mykje forarbeid og planlegging for at alt skal gå etter planen. Arbeidet deira no, går ut på å skrive opp kva slags utsnitt dei skal ha i dei forskjellige scenene. Dette skriv dei opp på nokre skjema dei har fått utdelte.

Eit slik prosjekt som dette krev ein enorm innsats av elevane ved 2MK, og alle må vere samarbeidsvillige og verkeleg gå inn for å jobbe. Slike prosjekt som dette gjer også at elevane blir endå betre kjent med kvarandre, på mange måtar. Dei må jobbe tett saman med gruppa si, og heile klassa må samarbeide for at alt skal klaffe. Dette får dei mykje kunnskap og lærdom av, og det er noko dei absolutt kjem til å ta med vidare i livet -og kanskje arbeidslivet?

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *