17 dagar igjen!

Det minkar med øvingsdagar og musikalen i heilheit byrjar å ta form(i alle fall i mitt hovud). Eg skal altså ha ei av hovudrollene i årets musikal: HELLO/GOODBYE. Rollefiguren min heiter Jude (ja eg veit det: Hey Jude!), ein mann frå Liverpool i England. Det er alt eg kan seie foreløpig.

Tenkte eg skulle fortelje litt om kva vi har dreve med før bloggen no opna. Vi har for det meste øvd og øvd. Med Bente Elin Johnsen i spissen har vi no vore gjennom dei aller fleste scenene, og mi personlege oppleving kan skildrast med tre ting: slit, seine kveldar og mykje, mykje latter! Det har vore mange hyggjelege kveldar under øvingsperioda så langt, for å seie det mildt. Fascinerande kor mange sjuke og vittige situasjonar som oppstår når ein skal dramatisere. 🙂

ELG

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *