5 PÅ GATA

1. Kva er dine forventningar til årets musikal?
2. Kva veit du om årets musikal?

Hilde Slettedal

1. Eg gledar meg kjempemykje til årets musikal! Det er alltid kjempekjekt å sjå andre på skulen danse ”råbra” og syngje flott!
2. Det lille eg veit om årets musikal er at dei har songar frå The Beatles. Eg har sett nokre bilete i avisa der eg såg at det var ein 2MU elev og resten var 3MU elevar som hadde hovudrollene.

Ragnhild Åmelfot

1. Eg har kjempe store forventningar til årets musikal! Det brukar vertfall å vere veldig bra. Og eg håpar at det blir like bra i år som tidlegare. Eg håpar også at Medium og kommunikasjon-lina i år ikkje gjer det betre enn vi gjor i fjor.

2. Det eg veit om årets musikal er att det er noko om The Beatles. Og så veit eg at den eine hovudrolla, Gunnhild, skal kysse ein gut.

Eirik Aarseth

1. Eg har sett tidlegare musikalar, i tillegg til at eg var på fjorårets generalprøve. Då var det nokre feil. Eg forventar at årets musikal skal ver like bra som i fjor, eller betre.

2. Eg veit att musikalen heiter Hello/Goodbye. Dessutan kjenner eg eine hovudrolla og fleire som skal delta. Så skal dei ha songar frå The Beatles.

Andreas Vartdal Engeseth

1. Mine forventningar til årets musikal er det skal vertfall ver like bra som fjorårets, men forhåpentlegvis mykje betre, om det går!

2. Musikalen heiter Hello/Goodbye. Dei skal bruke The Beatles sine songar.

Frida Løfoll

1. Eg har eigentleg ikkje så store forventningar. Eg prøver å halde forventningane nede så eg ikkje blir skuffa. Men håper at det blir kjempebra så eg blir kjempeglad!

2. Det eg veit om musikalen i år er att manuset er basert på/tatt inspirasjon fra filmen ”Across the universe” og att det skal vere songar frå The Beatles. Musikklina har vel sikkert sin eigen vri på songane også, dei hadde vertfall det i fjor. Og så veit eg att vi på MK har utrulig mykje å gjer.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *