Tvers over universet med hovudrollene

Eivind Lystad Grimstad, Gunnhild Elin Simmones, Sondre Grimstad Arnesen og Ida-Therese Egset har ein ting til felles: dei har alle hovudroller i årets musikal Hello/Goodbye. Musikalen i år vert arrangert for 15. gong på rad av musikk- og medialinja ved Volda vidaregåande skule.

Hello/Goodbye er ein musikal som er inspirert av filmen Across the Universe, og inneheld The Beatles songar. Den handlar om Jude som reiser frå England til Amerika for å finne faren sin. Det han ikkje forventar er at han finn mykje meir enn berre faren sin der. Han møter Lucy, Max og Sadie som alle får ein stor innverknad på livet hans.

Kven er dei?

Gunnhild Simmones / Lucy
– Rolla mi er Lucy. Lucy er ei jente som kjem frå ei rikmanns familie. Ho er trulova med ein som går ut i krig men aldri kjem attende. Ho møter Jude som har reist frå England til Amerika og vert forelska i han. Ho vert engasjert i revolusjonen, seier Gunnhild Simmones frå Volda om rolla si.

Eivind Lystad Grimstad / Jude
Eivind Lystad Grimstad frå Ørsta som spelar Jude, vart utruleg glad då han fekk vite at han fekk spele Jude.

– Jude er ein ung mann frå arbeiderklassesamfunnet i England som reiser til Amerika for å finne faren sin. Men han finn meir enn berre det.

Ida-Therese Egset / Sadie
Ida-Therese som óg er frå Ørsta låg heime då ho fekk vite at ho fekk rolla som Sadie. -Sadie bur i New York. Ho plukkar opp Jude og Max som haikar opp og blir kompis med dei. Ho tek dei med til hybelen sin og tilbyr dei å bu der. Sadie forelskar seg i Max.

– Ho er ganske rocka/hippie i stilen, og nokså utfordrande, rappkjefta og småfrekk utan å ville vere det, fortel Ida- Therese.

Sondre Grimstad Arnesen / Max
-Eg har rolla som Max, ein karismatisk fyr som synast livet er ein leik og droppa ut av universitetet for å leve livets glade dager I New York. Når han kjem til New York, forelskar han seg i ei dame som heiter Sadie som da er hybelverten til han og kompisen Jude. Etter ei stund må Max i millitæret, forklarar 2. klassingen Sondre frå Ulsteinvik om rolla si «Max».

Han hadde ikkje forventa å få den rolla og tykkja det var ganske skummelt, men óg veldig gøy.

The Beatles-songar
Med The Beatles-musikal følger The Beatles songar. Dei har alle sine eigne favoritt-songar. Blant Sondre sine favorittsongar er det «Happiness is a Warm Gun», «Hey Jude» og «Come Together». Eivind likar «All you need is love», «I am the Walrus» og «Revolution» som han også skal synge på musikalen og har fått eit godt forhald til sidan han har sunge den masse. Jentene sine favorittar er «I want to hold your hand», «Here comes the sun» og «I’ve just seen a face» frå Gunnhild og Ida- Therese sine er «Because», «Strawberry Fields Forever» og «Come Together».

Musikal-ynskjer
Alle fire har sine heilt eigne svar på korleis deira eigen musikal ville ha vorte om dei kunne fått laga ein. Eivind ville ha laga eit heilt nytt konsept som går ut på at masse ungdommar dansa og hoppar rundt og spelar basketball og syng. Gunnhild på si hånd ville lagt opp til eit opplegg med Abbasongar og eit lite «Mamma Mia»-show. Moulin Rouge, sexy outfits og mykje dansing er stikkorda for ein drøymemusikal for Ida-Therese, medan Sondre kunne sett for seg noko frå «the Black Parade» av My Chemical Romance.

Forventingar
Alle sammen har omtrent like forventingar for musikalen. -Eg trur det vert eineståande og vert heilt sikkert ikkje som andre musikalar. Alle har noko særegent med seg, så dette blir nok ein annleis musikal. Det vert bytta ut elevar heile tida som vil absolutt giei forandring ofte, meiner Gunnhild. Sondre håper at musikalen blir minst like bra som i fjor, kanskje bedre til og med?

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *