13 dagar igjen!

Gjennom eit hol i veggen, på øvre, under trappa
har Bente Elin flittige elevar stappa
for å filme den grovaste synda
eit menneske kan gjere i denne stunda.
Elevar frå både media og musikk
vart vitne til grusom vald og dramatikk.
Blod vart det ikkje spart på,
og lufta der fekk folk til å gå.
Etter eit halvt døgn sa Bente Elin «stopp!»
for då hadde dei enda opp med ein livlaus kropp…

Dette diktet er meint som ein «teaser» for ei scene i den komande musikalen! Gle dykk! Scena skal etter rykta å døme verte skikkelig bra! ;D

ELG

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *