Ei helg med øving

Musikklina ved Volda vidaregåande skule er i gong med øvingane til årets musikal. Etter å ha vore tilstades under ei øving, kan eg seie med sikkerheit at du kan byrje å gle deg til premieren, som er den 22. februar.

Øvingane til musikalen går føre seg både i vekedagar og i helger, til alle tider. Eg har fått vore med på ei helgeøving, der fire av hovudrolleinnehavarane øvde inn tre ulike scener. Øvinga gjekk føre seg på eit klasserom på nedre bygg ved Volda vidaregåande skule. Elevane og lærar Bente Elin starta øvinga kl. 14:00 og gjekk ikkje der ifrå før det berre var minutt igjen til alarmen gjekk. Berre med dette, kan ein skjøne at dette ikkje er ein «spøk». Under førebuinga til årets musikal leggjer både elevar og lærarar inn mykje tid, engasjement og sjel. Dette gjer dei for å på best mogleg vis gi deg ei god oppleving.

Konsentrasjon, smil og intensitet
Stemninga er til å ta og føle på, med konsise instruksar frå lærar Bente Elin og intense blikk mellom hovudrolleinnehavarane. Det er lett å merke at elevane er i starten av øvinga på dei ulike scenene, der dei er litt urutinerte, med mange spørsmål. Likevel klarer dei å formidle begjær, lyst og spelar rollene sine som om dei var fødde til å gjere det. Under øvinga er klasserommet fylt med konsentrasjon, latter, smil, intensitet og ein til tider oppgitt lærar. Termosen med kaffi er plassert trygt framfor henne – det har vore ein lang dag.

Nøysemd
Sondre Grimstad Arnesen, som går andre året på musikklina, er ein av hovudrolleinnehavarane. Han har på seg ein militærhjelm, og gjer seg klar til å spele si rolle i ei av scenene. Han står ut på «vegen», som eigentlig berre er golvet på klasserommet, og haikar.
– Nei, der blei du køyrd over! Nå er musikalen ferdig, seier læraren humoristisk.

Det er nemleg ikkje berre-berre, dette med å plassere seg på riktig plass. Ein må passe seg for bilane. Lærar Bente Elin går vidare med å gi nøyaktige instruksar, der ho prøver å gi elevane eit bilete av kva stemning og kjensler dei skal formidle. No er det Ida-Therese, som går tredje året ved musikklina, og Sondre som skal øve inn ei scene. Medan eg sit på sidelina kan eg framleis kjenne intensiteten som er mellom dei. Lyst i blikket. Intimitet. Så røyste Sondre seg for tidleg.
– Heilt frå byrjinga igjen?! seier Ida-Therese oppgidd.

Romantikk og sårbarheit
I neste scene sit Ida-Therese på golvet og spelar på ein gitar. Ho vekslar jamleg intense blikk med Sondre, der dei fortel kvarandre med auga at dei er dei einaste for kvarandre. Der er romantikk og sårbarheit no. Fotografen eg har med meg beveger seg lett i klasserommet for å få fram nettopp denne stemninga.

Det du kan forvente deg på framsyninga av årets musikal, er med andre ord lidenskapleg kjærleik, engasjement, elevar som syng og dansar som om ingen ser på, og resultatet av mange vekers hardt arbeid.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *