No nærmar det seg med stormskritt!

Ja, no er det ikkje meir enn ei knapp veke igjen til premiera! Iiih, spennande 🙂

Eg veit det kjem til å bli ei veldig hektisk veke med mykje øving på både sang og drama, men sjølv om det er veldig stress, synes eg det er utrulig kjekt! Eg har sett fram til musikal-veka heile året, og er verkeleg klar for å gi alt! Det blir jo trass alt min siste musikal.

I dag kom eg endelig i boks med kostyme til Lucy som eg skal bruke i første akt! Føler meg litt gammaldags når eg går med det, men det er vell litt meininga også 😉

I morga er det drama øving etter skulen, så da blir det atter ein økt med mykje latter og kaffi!

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *