Romansen bak kulissene

Det har lenge gått rykte om ei romanse mellom FAME-Jenny og TVNi-Gunnar, som no er bekrefta. Dei blei ferska i eit heitt kyss etter Jenny sin audition. Gunnar derimot påstår det var for å trøste henne.

TVNi-Gunnar og FAME-Jenny

– Eg har tidlegare observert at Gunnar kika på meg, men han påstod det berre var fordi det var jobben hans å følgje meg med kamera. For ein tullebukk altså, men eg gjennomskoda han, fortel FAME-Jenny og smiler lurt.

I følgje Gunnar sprang han etter Jenny då dommarane sendte henne av scena. Han fortel at ho var så lei seg at han ikkje såg anna råd enn å oppmuntre henne med eit kyss.

– Først var eg ikkje interessert og ville berre stoppe tårene hennar, men etter kysset strauma kjenslene på. Eg har aldri vore så lykkeleg før, fortel ein glisande TVNi-Gunnar.

Etter to veker i eit forhold overraska TVNi-Gunnar henne med ein tur til Drammen for å pleie kjærleiken. I følgje Gunnar er det Drammen som er beste plassen for dette sidan han kjem der ifrå. Han håper Jenny blir glad for denne overraskinga han vil fortelje henne om etter dansetimen hennar i morgon.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *