Facebook Twitter RSS
 
 
 
 
formats

Romansen bak kulissene

Det har lenge gått rykte om ei romanse mellom FAME-Jenny og TVNi-Gunnar, som no er bekrefta. Dei blei ferska i eit heitt kyss etter Jenny sin audition. Gunnar derimot påstår det var for å trøste henne.

TVNi-Gunnar og FAME-Jenny

- Eg har tidlegare observert at Gunnar kika på meg, men han påstod det berre var fordi det var jobben hans å følgje meg med kamera. For ein tullebukk altså, men eg gjennomskoda han, fortel FAME-Jenny og smiler lurt.

I følgje Gunnar sprang han etter Jenny då dommarane sendte henne av scena. Han fortel at ho var så lei seg at han ikkje såg anna råd enn å oppmuntre henne med eit kyss.

- Først var eg ikkje interessert og ville berre stoppe tårene hennar, men etter kysset strauma kjenslene på. Eg har aldri vore så lykkeleg før, fortel ein glisande TVNi-Gunnar.

Etter to veker i eit forhold overraska TVNi-Gunnar henne med ein tur til Drammen for å pleie kjærleiken. I følgje Gunnar er det Drammen som er beste plassen for dette sidan han kjem der ifrå. Han håper Jenny blir glad for denne overraskinga han vil fortelje henne om etter dansetimen hennar i morgon.

 
formats

Sjå Hildegunn og Kjellaug sin audition

Nivået på årets FAME-finalistar har vore enormt høgt, men ikkje alle auditions frå dei innleiiande rundene speglar dette nivået. Hildegunn og Kjellaug var blant dei mange tusen håpefulle som ikkje kom gjennom nålauget, som de får sjå i dette innslaget frå TVNi-si direktesending onsdag 15. februar.

TVNi-sending: FAME-kveld, onsdag 15. februar 2012 from MK Volda vgs on Vimeo.

 
formats

VINNAREN AV FAME 2012

Med 32% av stemmene er Sarah vinnaren av «Fame 2012»! – Vinnaren har ei fantastisk sangstemme, ei fantastisk utstråling og sjarmerte publikum i senk, seier hovuddommar Harvey Shorofsky.

Sarah

Ei heil befolkning blei sjarmert av talentfulle Sarah med songen «Out here on my own». Sarah takkar til dommarane, familien, resten av deltakarane og sjølvsagt fansen. - Eg hadde aldri kome så langt utan den trufaste fansen min. De er heilt fantastiske alle saman, fortel ein overvelda Sarah.

I følgje Sarah kjem ho til å bruke suksessen i «Fame» til å utvikle talentet sitt og dra på turné. Ho vil også ta med seg Ralph slik at dei skal få ein del kvalitetstid saman. - Eg er så stolt over Sarah. Ho er magnifico! Skryter kjærasten Ralph.

Dommarane og resten av deltakarane, bortsett frå Lisa, har gratulert Sarah. Positive kommentarar og gratulasjonar strøymer inn frå fansen på Facebook, Twitter, e-post og fansider. Men Lisa er opprørt: - Eg synes ikkje ho har noko talent. Dette var rett å slett ufortent. Folk burde setje meir pris på klassisk ballett og ikkje stemme på ein keisam pop-diva. Eg har lagt mykje meir arbeid i framføringa mi enn ho nokon gong kjem til å gjere, klagar ein sint Lisa.

Sarah sender helsingar til sjåarane

Sarah sender ei takknemleg helsing til alle som har stemt på henne gjennom tida i «Fame». - Tusen takk for at de gjer livet mitt heilt fantastisk! Det er ubeskrivelig, smiler ho, tydeleg stolt.

 
formats

Avstemming

Avstemminga er avslutta.

Kven bør vinne FAME 2012?

  • Sarah (32%, 42 Votes)
  • Bruno (25%, 33 Votes)
  • Leroy (11%, 15 Votes)
  • Montgomery (11%, 15 Votes)
  • Zack (10%, 13 Votes)
  • Lisa (9%, 12 Votes)
  • Coco (8%, 10 Votes)
  • Ralph (8%, 10 Votes)
  • Doris (0%, 7 Votes)

Totale stemmer: 131

Loading ... Loading ...
 
formats

Sparka ned kameramann, ute av Fame

Klikk på biletet for å sjå deltakaren i heilfigur.

Det er andre året Mona Lerbolough deltek på Fame. Denne gongen framførte ho «Sexy and I know it» med LMFAO, og dansa ein svært unik og eigenkoreografert dans. Ein dans som ikkje gjekk så altfor bra, og endte med ein bevisstlaus kameramann.

- Eg kan ikkje skjøne kva eg gjorde gale! Mor mi har alltid sagt til meg at eg er den flinkaste i heile verda! Greitt, eg sparka ned kameramannen … Men eg visste jo ikkje at eg slo hjul så langt bak! Seier ein veldig opprørt Mona.

Ho har fått forbod mot å delta i Fame dei neste åra framover.

 
formats

- Heilt vilt

Klikk på biletet for å sjå deltakaren i heilfigur.

Sigurd Svingen Aamotgard (19) er sint og skuffa over dommarane i årets FAME–sirkus. Sigurd er ein av dei som ikkje kom med vidare i talentshowet, og seier til TVNi at han føler seg urettvist behandla.

- Det er heilt vilt å måtte stå der inne i auditionrommet, og kome opp med ei låt sånn heilt på kommando. Eg hadde jo trass alt øvd inn ei låt, men så ville dei jammen ha ein til. Og kven hadde forutsett det, liksom? Seier ein opprørt og skuffa Sigurd.

Vidare hevdar han å få svært dårlege tilbakemeldingar frå dommarpanelet. – Det var den eine sleivkjeften etter den andre, seier deltakaren, og spyttar ut snusen. – Han der Harvey meinte blant anna at eg song som ei ku under fødselen, kva no enn det måtte bety?­­

 
formats

FAME-draumen over for Benny

Klikk på biletet for å sjå deltakaren i heilfigur.

Etter vekas FAME-episode var det diverre Benny som måtte forlate konkurransen. – Det er eigentlig ganske kjipt. Eg føler eg har mykje meir å gi, seier den utstemte 17-åringen Benny Antonsen.

Etter å ha framført ein flott versjon av songen «Miracle» av boy-bandet A1, verka det som om mange var sikre på at han kom til å gå vidare, men det viste seg at dommarane tydelegvis ville noko anna. – Eg er usikker på kva som gjekk gale. Kanskje det har noko med songvalet å gjere, då den ikkje er den mest kjende songen i verda, seier 17-åringen.

Eit bra utgangspunkt

For tida jobbar Benny i ein klesbutikk, men han har drive med musikk så lenge han kan hugse, og tek gjerne på seg spelejobbar av alle slag. Han vonar at FAME-deltakinga kan vere starten på noko større. – Uansett kva som skjer håper og trur eg at tida i FAME kan vere starten på ei større musikkarriere. Eg føler eg har fått vist fram mykje bra. Det er viktig å tenkje framover, seier 17-åringen. – Kven veit, kanskje melder eg meg på neste år også, legg han til.

 
formats

Problemer med nettsidene

av

 

På grunn av enormt stor pågang har vi problem med webserveren. Dette inneber at noko innhald førebels er utilgjengeleg, men vi arbeider med saka og lovar å fikse problemet snarleg.

 
formats

Fame-Anne: Eg gir meg ikkje

Klikk på biletet for å sjå deltakaren i heilfigur.

- Eg har meldt meg på Fame endå ein gong fordi eg har ein stor draum om å bli artist. Eg har fått mine 15 minutt med Fame tidlegare, men eg vil ha meir, gliser ho.

I 2007 og 2008 hamna Anne ho blant dei 50 beste, i år vil ho nå toppen.

- Eg trur eg kan ha betre sjanse til å vinne i år. Eg har bestemt meg for å gi meir av meg sjølv, ettersom eg tidlegare var yngre og litt meir usikker. Eg er eigentleg ikkje av den sjenerte typen, men det var nokon av mine første opplevingar med kamera i andletet, og då heldt eg litt igjen.

Fame er ikkje det einaste jarnet Aasen har i elden for tida. Ho arbeider som songlærar og litt som kordirigent.

- Kva trur du er nøkkelen til ein god audition? - Det er viktig å velje ein song ein er glad i og likar godt. Då har ein eit godt utgangspunkt til kva ein vil formidle. Det er også bra å vere seg sjølv, uansett kven ein er. Kanskje er det akkurat deg dommarane leitar etter!

 
formats

FAME 2012

TVNi har tidligere hatt fire sesonger med talenshowet «Fame», og har hatt store seertall gjennom alle fire sesongene. Grunnet stor suksess er talentshowet allerede i gang.

«Fame» startet på TVNi i januar 2007 og fikk fort høye seertall og har blitt noe nordmenn må få med seg hvert år. Men i fjor tok «Fame» en kort pause, men talenshowet ble ikke glemt av den grunn. «Fame» har vært en stor kilde til oppdagelsen av skjulte talenter her i Norge, og har preget norsk musikkbransje i en veldig stor grad.

- Etter ett års pause fra talentshowet, har vi virkelig merket store etterspørsler etter programmet, og opplever helt klart at folk har stor tilknyttning til «Fame». Det var derfor vi valgte å starte enda en sesong. Vi ser frem til å gi folket et show de sent vil glemme og ikke minst til å oppdage Norges nye superstjerne, sier TVNi’s markedssjef Terje Svaberg. 

 
 
© TVNi - FAME 2012
credit